Kropp er topp

Kropp er topp

Klamme hender og kribling i magen

Kroppen vår er  så mangt. Den kan vekke mange ulike tankar og kjensler i oss, og kan på få minutt gå frå å vere vår beste ven til vår verste fiende.

Sjå for deg  at jenta eller guten du er interessert i kjem inn i rommet. I den eine augneblinken sit du roleg og avslappa. Eller kanskje kriblar det litt i magen?

Hendene blir klamme som eit dusjforheng

Men i det  neste sekundet ender du opp med å rødme du som ein tomat, og hendene blir klamme som eit dusjforheng som plutseleg bestemmer seg for å klistre seg inntil deg. Kroppen kan til tider verke som om den lever litt sitt eige liv.

Kroppen vår kan  gjere oss både glade og triste. Nokre dagar kan ein sjå seg i spegelen og like det ein ser. Neste morgon kan ein bli ståande og lure på kven i all verda ein ser i spegelen. Det kan vel umogleg vere ein sjølv som ser så trøytt ut?

Alle kristne utgjer ein kroppsdel på ein kropp

Tema for iTro  i november er (som du sikkert har forstått) «kropp». Vi skal gjennom månaden rette lys mot ulike sider av dette ordet. Vi skal kome innom mykje, alt frå kroppsbilete til nådegåver, anatomi og nattverd.

Bibelen snakkar nemleg  óg om ordet kropp i ulike samanhengar. Vi kan til dømes lese om at alle kristne utgjer ein kroppsdel på ein kropp. Vi har ulike oppgåver, men alle er like viktige.

Vi i redaksjonen  trur dette blir ein spanande månad for iTro. Hugs at du kan kommentere under sakene anten på nettsida eller på Facebook. Du kan òg sende inn spørsmål til itro@nlm.no, så vil vi leggje ut svar på nettsida.