Kjærleikserklæringa

Kjærleikserklæringa

Eg trur ikkje trua mi har kome av seg sjølv.

Mitt vitnesbyrd

Mitt vitnesbyrd  er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

Har du et vitnesbyrd du vil dele med andre? Ta gjerne kontakt på iTro@nlm.no.

Astrid Rydland Bjørke  er nyansatt som iTro-medarbeider! Hun er 22 år, studerer på 3. året av ein bachelor i fysioterapi i Bergen, der hun bor.

Astrid er oppvokst i Balestrand og Knarvik, og har gått på Sygna, Bibelskolen Fjellhaug, vært ettåring på Sygna og er engasjert i Salem menighet i Bergen.

Ellers liker hun sjokolade og gospel.

Eg tenkte at det kunne ikkje vere så gale å baktale. Eg kjente eigentleg ingen ting då eg gjorde det. Ikkje eit snev av dårleg samvit. Ikkje ei einaste lampe varsla om at dette var gale. Men plutseleg vart vanskeleg. Eg kjente at det stakk i hjartet, og at det ikkje var heilt bra at eg gjorde dette. Samvitet hadde begynt å slå seg på for fullt. Kvifor? Alt var i grunn som før. Det einaste eg kunne kome på som var annleis var at eg hadde byrja å lese fast i Bibelen. Men det skulle vise seg å vere heile skilnaden.

Større kjærleik finst ikkje.

Å vere kristen  handlar om mykje ulikt. Eit godt kristen fellesskap, å vere eit lys i kvardagen, å gje av sin overflod, og å kjenne på Guds kjærleik. Men for meg handlar det først og fremst om to ting: Guds ord og Guds trofasthet. Eg trur ikkje trua mi har kome av seg sjølv ut av ingen ting. Eg trur den har blitt skapt i meg ved at eg har lest og høyrt Guds ord. Og eg trur at det som står i Bibelen er sant, og at det gjeld kvar dag uansett korleis eg har det i livet.

Det er mange  som går rundt og leitar etter bevis på at Gud elskar dei. Mange lengtar etter ein stor kjærleikserklæring frå Gud, eit teikn eller ei sterk kjensle. Eg trur ikkje det er feil å be om å få kjenne Guds kjærleik, men vi treng ikkje leite etter ein kjærleikserklæring. Den kjærleiken viste Gud gjennom Jesu død og oppstode, og ingen ting kan vise sterkare enn det at Gud elskar oss. Han valgte å ofre Jesus for at vi kan få stå fram på dommens dag som tilgitte syndarar, forvandla gjennom Guds ord. Større kjærleik finst ikkje.

Foto: Privat

_________________________________________________________________