– Gud sine tankar og planar overgår mine så enormt

– Gud sine tankar og planar overgår mine så enormt

Ingrid skriv om korleis ting forandra seg da ho ga Gud rom i livet sitt.

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

Dei fleste eg kjenner har draumar og planar for framtida. Noko dei vil oppnå eller oppleve, ein stad dei vil bu, noko eller nokon dei vil bli. Det kan sjå så veldig ulikt ut frå person til person.

Vi er forskjellige

Når det kjem til å leggje planar er vi veldig forskjellige. Ta sommarferien, for eksempel. Eg har vener som har lagt ein plan for nesten kvar einaste dag i seks veker og fleire som strevar med å finne tid til alle planane sine.

Andre igjen har ikkje nokon ide om kva dei skal finne på og har ikkje starta å leite etter jobb endå. Du kan ha kvar minste detalj klar, eller kanskje du tar ting som det kjem og burde ha planlagd litt meir.

Eg kan gjere begge delar. Ein dag kan eg ha skrive ei liste med så mange planar at det ikkje er eit sekund ledig. Andre dagar tar eg litt for masse på sparket, utan å ane kva som skal skje.

Det er bra å planleggje litt. Tenkje gjennom kva du vil bruke tida di på, kva du vil med livet ditt. Men det er fort gjort å ha så mange planar, ting du skal gjere, at du ikkje har rom for at Gud kan jobbe.

Gud er større enn du veit

Ha rom for Gud

Ein pastor eg møtte i Latin-Amerika minna meg på noko som har hatt stor betyding for livet mitt:

«Ha rom for Gud sin del i livet ditt, det han vil gjere som du ikkje hadde planlagd eller forventa.»

Han sa også til meg:

«Gud er større enn du veit, og han er meir enn du har erfart.»

Gud sine tankar og planar overgår mine så enormt! Han er så mykje større enn eg nokon gang kan forstå. Han ser så mykje lenger, veit så mykje meir, og kan gjere enorme ting.

Det gjeld òg i mitt liv.

Forandring

Når eg laga rom for Gud i mine planar skjedde det ting som eg ikkje såg for meg. Gud gav meg så mykje meir enn det eg kunne planlagd for meg sjølv.

Han får ta del i livet mitt

Før brukte eg å ta val ut i frå kva eg ynskja, kva eg tenkte var smart og best for meg. Eg hadde så kontroll at det var ikkje rom for Gud eller hans planar. Men når eg byrja å gi Gud rom og moglegheit til å påverke livet mitt, vart det annleis enn eg hadde venta.

Nokre av planane mine gjekk i vasken og nokre vart endra, andre gjekk nett slik eg hadde tenkt. Gud endra planane mine, men òg ynskja mine og hjartet mitt.

Han fekk lov til å forandre meg.

Mykje større

Eg blir stadig overraska over korleis Gud jobbar og kva han kan gjere i mitt liv. Nett når eg trur eg har skjønt han, viser han meg på ny at han er så mykje større enn eg nokon gong kan forstå.

Ved å gje Gud rom let eg han som skapte meg, som kjenner meg best av alle, få lov til å prege meg. Han får ta del i livet mitt og han får lov til å forvandle meg og vise meg veg.

Det er stort!

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.