Grøn kvardag

Grøn kvardag

Gud er tidenes gartnar!

Tema

Tema for iTro i mai er Grønn


Tenk at du  får tildelt ein gigantisk hage. Alt det du tenkjer deg som er godt har moglegheit til å vekse og gro der, alt frå friske bær til store tre.

Hagen er din  så lenge har lyst til å eige den. Du kan seie den frå deg, men ingen kan ta den frå deg. Det einaste du treng gjere er å halde den ved like. Vêret kjem og går, så det kan du ikkje gjere noko med. Men du må passe på å mellom anna klippe graset og fjerne ugras. Dette må i tillegg må gjerast ofte.

Kva hadde du  gjort dersom du fekk ein slik hage? Hadde du jobba for at den skulle få gode vekstvillkår, eller hadde du latt den gro att? Dersom du hadde valt det siste, tenk på alt du hadde gått glipp av! I staden for å omgje deg med flotte blomar og velsmakande bær, hadde du då heller valt å trakke rundt i ugras og brunsniglar på kvar ein kant.

Tistlar og brunsniglar er ikkje særleg attraktivt

Eg trur ikkje  nokon har lyst til å gå rundt og trakke på tistlar og brunsniglar. Likevel kan ein ofte finne seg sjølv i ein liknande situasjon i kristenlivet. Gud har lagt alt til rette for at vi skal få vekse som kristne, få oppleve gode frukter i liva våre, og ha liv og overflod. Men av og til kan vi få ein illusjon om at det å skulle oppretthalde relasjonen med Gud, kostar meir enn det gir. Dette kan igjen føre til at ein vel å la kristenlivet bli som ein hage som gror att. Ein gir opp å arbeide for den./p>

Les kva Bibelen  seier i Salme 1,1-3 om det kristne livet:

«Sæl (salig; frelst, lukkeleg) er den som ikkje følgjer råd frå lovlause, ikkje går på syndarveg og ikkje sit i spottarlag, men har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. Han er lik eit tre planta ved rennande vatn. Det gjev frukt i rett tid, og lauvet visnar ikkje. Alt han gjer, skal lukkast.»

Det motsette blir  følgjande: Den som ikkje vil ha Jesus som Herre i sitt liv, og som ikkje vil at Den heilage ande skal påverke gjennom Guds ord, blir som eit tre som lever i tørke. Det gir lite frukt, lauvet visnar, og han/ho kjenner lite framgang.

Gud vil at akkurat ditt kristenliv skal vekse og bere frukt

Gud er den  største gartnaren som nokon gong har levd. Han jobbar på spreng dag og natt for å hindre at ugraset og brunsneglene skal ta fullstendig over i hagen din. Og han vil ha ein relasjon med akkurat deg. Han vil at akkurat ditt kristenliv skal vekse og bere frukt.

Eg vil difor  oppfordre meg sjølv og dykk til å leve ein grøn kvardag. Ein kvardag der ein dagleg tar seg tid til å stelle litt i hagen sitt, pleie forholdet til Gud. Konkrete døme på dette, er til dømes å lese eit kapittel eller to i Bibelen kvar dag. Be gjerne først om at Den heilage ande må hjelpe deg til å forstå.

Når vi ber,  og når vi les i Bibelen, er vi i Guds nærleik, og då er i ein posisjon som gjer at vi lar han påverke oss. Det er den beste staden vi kan kome med liva våre, for Gud bryr seg om oss, og vil det beste for sine born.

Ill.foto: © Maksim Samasiuk – Fotolia.com