Fri*

Fri*

Kven seier Bibelen at eg er?

Fakta

Tema på iTro i Januar er «Meg!«.

I dag er det mykje snakk om å vere fri. Fri til å kunne ta akkurat dei vala ein vil her i livet utan å måtte tenkje på konsekvensane. Bibelen seier at vi er frie på ein totalt grensesprengande måte. Vi er frie dersom vi er bunde til noko. Javel?

Bibelen seier mykje om oss menneske. Den seier at vi er i ein særstilling i skaparverket, at vi er verdifulle og skapt til samfunn med Gud. Denne delen av oss er det ganske ok å godta. Men så har vi den litt meir ubehagelege delen.

For dersom ein ikkje ser at ein er ein syndar, ser ein heller ikkje at ein treng Jesus

I Romarbrevet 3  står det at kvart menneske er ein løgnar, at det finst ingen rettferdige, ingen som gjer det gode, at menneska er forderva. Med andre ord: Vi er tvers gjennom syndige. Ikkje berre gjer vi synd, men vi er synd. Og det gjer at vi er bunde til synda, som ein hund i band. Men treng det å vere eit problem då? Problemet ligg i at synda har makt til å dømme oss til døden. Med andre ord er vi ikkje frie i oss sjølve. Som syndarar er vi bunde til synda.

Pessimistisk bodskap, tenkjer du? Å lese gang på gang i Bibelen at ein er ein syndar er kanskje ikkje den mest oppløftande informasjonen, men likevel uhyre viktig. For dersom ein ikkje ser at ein er ein syndar, ser ein heller ikkje at ein treng Jesus. Og Jesus seier sjølv at han er vegen til Faderen.

Å vere fri er å vere bunde til Han som frigjer

Men dersom vi  tar imot tilgjevinga Han vil gje oss, får vi ein ny tittel: Tilgitte syndarar. Eg vil seie at det høyres betre ut enn å berre vere ein syndar. Den nye tittelen tar ikkje vekk det faktum at vi er syndarar, men vi er tilgitte og synda har ikkje den same makta over oss som før. Med andre ord: Vi er frie!

Dette kan vi kan lese om i Johannes 8, 34-36:

Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Kvar den som gjer synd, er slave under synda. Ein slave blir ikkje verande i huset i all framtid, men ein son blir verande der for alltid. Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie.»

Det er opp til deg om du vil vere bunde til Jesus eller til synda. Eit tips: Å vere fri er ikkje å sveve fritt, men å vere bunde til Han som frigjer.

Foto: Gael Martin på flickr

__________________________________________________________________