Du er god nok!

Du er god nok!

Kvar dag har man forventningar hengande over seg, for å prøve å vere god nok. Livet mitt besto av trening. For at folk skulle like meg, prøvde eg å sjå bra ut.

Mitt vitnesbyrd

Mitt vitnesbyrder spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

Har du et vitnesbyrd du vil dele med andre? Ta gjerne kontakt påiTro@nlm.no.

Mange kjemper å strever for å vere gode nok. Presset i dag er veldig stort. Det handlar om klede, hud, hår og kor tynn du er. Du må vere flink nok, tøff nok, normal, og ikkje skilje deg ut.

Kvar dag har man forventningar hengande over seg, for å prøve å vere god nok. Etter ein lang dag er det mange som trekkjer seg litt tilbake og spør seg sjølv:. Kva har du gjort i dag ? Kor snill har du vert? Gjekk du med den finaste toppen du har ? Ville vennane dine vere med deg ? Trur det er sånn veldig mange ungdommar tenkjer. Prøver dag etter dag på å prestere for å vere gode nok.

For at folk skulle like meg, prøvde eg å sjå bra ut

Sjølv har eg  slitt litt med den tanken. Er eg god nok? Kva tenkte folk om meg i dag? Skilte eg meg ut frå alle dei andre? Eg bestemte meg for å starte på ein kristen internatskule når eg skulle begynne på VGS. Fyrste året var eg veldig opptatt av trening, og for å sjå bra nok ut. Eg kunne trene opptil 2 gangar daglig, og følte eg måtte det heile tida.

Fleire av mine venar sa at eg måtte slutte å trene så ofte, og at dei blei bekymra for meg, men eg kunne ikkje slutte. Livet mitt besto av trening. For at folk skulle like meg, prøvde eg å sjå bra ut. Eg begynte å kjenne på ei skade i leggen, og det var nok eit teikn på at eg skulle slutte. Når eg ser tilbake på dette, høyrest det heilt absurd ut.

No har eg gått på Sygna i snart to år, og det angrar eg ikkje eit sekund på. Eg har fått lov til å få bli betre kjent med vår far i himmelen. Har fått mange gode kristne vennar, og eg har lært at alle er gode nok akkurat sånn som dei er.

Kom til meg alle som strever og har tungt å bere, og eg vil gi dykk kvila

Det er derfor  GUD er så fantastisk! Med han handlar det ikkje om kor mange gode gjerningar eg gjorde, kor mange eg smilte til, eller om eg gjekk med den finaste toppen.

I guds auge er du god nok! I 1 Mos 1,27 står det at Gud skapte menneska i sitt bilete. Når Gud ser på deg, tenker han at du er perfekt akkurat sånn som du er. Det kan av og til vere litt vanskelig å forstå, men sånn er det. Du trenger ikkje prestere for å vere god nok. Han elskar deg med ein evig kjærleik og han slepp deg aldri. Du vil alltid vere hans barn, og vere perfekt i hans auge. Det er ofte det dei fleste gløymer.

Eg synest  det er heilt fantastisk å tenke på at Jesus døde på krossen, for dine og mine synder. Han gir oss tilgivelse for gale ting vi har gjort, og han er ein vi kan komme til med alt som tyngjer oss.

«Kom til meg alle som strever og har tungt å bere, og eg vil gi dykk kvila.» (Matt 11,28)

Husk:  Jesus elskar deg akkurat sånn som du er!

Foto: Privat