UP Tilbake
Den avgjerande dagen – del II

Den avgjerande dagen – del II

Eg har ei fortid som ein solid baktalar. Men så begynte å eg å lese i Bibelen.

Mitt vitnesbyrd

Denne saken er del II av mitt vitnesbyrd om korleis livet mitt blei forandra etter at eg begynte å lese fast i Bibelen. Du kan lese del I her.

 
Tidlegare denne veka  skreiv eg om livet mitt då eg begynte å lese i Bibelen i 2006, 17 år gammal. Eg opplevde då at Gud forandra livet mitt gjennom Hans ord til meg i Bibelen. Eg fekk ei oppleving av at det eg las, ikkje berre var tomme ord, men at det gjaldt meg og at det var alvor.

Tru det eller  ei, men det var fleire ting som vart forandra i livet mitt etter at eg begynte å lese fast i Bibelen. Det å setje av litt tid til Guds ord kvar dag, skulle vise seg å påverke fleire sider av meg enn forventa.

Eg hugsar godt  då eg var yngre. Noko av det eg likte best å gjere saman med mine venninner var å baksnakke. Det er ikkje akkurat med stoltheit eg innrømmer dette, men eg var ein solid baktalar. Å opphøge meg sjølv ved å trykke ned andre, var rett og slett noko av det beste eg visste om. Eg følte meg i grunn ganske bra, og tanken på at eg kunne såre andre var som oftast fjern. Så lenge eg ikkje vart avslørt, brydde eg meg lite om korleis eg oppførte meg.

Så lenge eg ikkje blei avslørt, brydde eg meg lite om korleis eg oppførte meg

Det er klart  eg hadde høyrt det mange gonger tidlegare, det at det ikkje var bra å baksnakke andre. Men viljen til å endre seg, den sat langt inne. Eg hadde det så fint som det var. Kort fortalt: Kjærleiken til å gjere det vonde, var større enn kjærleiken til Jesus.

Då eg begynte  å lese fest i Bibelen hadde eg absolutt ingen ambisjonar om å slutte å baksnakke. Som sagt, eg hadde det kjempefint! Men etter kvart begynte det å skje saker og ting. Det var akkurat som om samvitet vakna litt til live. For første gong på lenge, begynte eg å kjenne på ei kjensle av at det eg gjorde var gale. Å baksnakke gjekk sakte men sikkert frå å vere favoritthobby, til noko eg såg på som idiotisk og forkasteleg. Kva hadde skjedd?

Kjærleiken til å det vonde, var større enn kjærleiken til Jesus

I Galaterbrevet 5,22-23  står dette:Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap,audmjukskap (ydmykhet) og sjølvdisiplin.

Andens frukter er  eigenskapar som vil prege menneske som lar seg påverke av Gud. Det er menneske som les i Bibelen og som brukar tid på å pleie sin relasjon til Gud. Når ein gjer det, vil nemleg Den Heilage Ande vise oss kva som er godt og riktig, og kva som er vondt, kva som er nedbrytande og øydeleggande for oss sjølv og andre.

For første gong på lenge, begynte eg å kjenne på ei kjensle av at det eg gjorde var gale

Med andre ord:  Det skjer noko med oss når vi leser fast i Bibelen, og på denne måten blir kjent med Gud.For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tveeggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet (Hebrearbrevet 4,12).

Det høyres kanskje  skummelt ut, men noko av det mest spanande ved å vere kristen, er at ein utset seg sjølv for å bli påverka av Gud. Men det er ingen grunn til å vere redd. Han vil deg berre godt, og han vil bruke deg til at andre kan få det godt.

Følgjande spørsmål gjenstår:  Tør du ta opp Bibelen din og begynne å lese fast? Eg vil anbefale å svare ja på det spørsmålet. Sjølv har eg aldri angra!

Ill.foto:  John Olav Selstø

Siste fra hver kategori