Bare ikke nordover

Bare ikke nordover

Av og til kan Gud kalle til plassar du aldri hadde tenkt på å reise til. Eg fekk møte ein som har tatt kallet på alvor.

iLivet:

iLivet er en artikkelserie hvor vi tar opp forskjellige temaer som kan være aktuelle i dagliglivet til iTros lesere.

Å møte nye  menneske er alltid ei spanande oppleving. Ein veit aldri kva dei vil kome til å dele av erfaringar, tankar og opplevingar.

Som kristne er  vi kalla til å leve i fellesskap med kvarandre, eit fellesskap som kan oppmuntre kvarandre, og gje kvarandre ny energi og inspirasjon. Dette fekk eg oppleve førre helg då eg var og talte på eit ungdømsmøte.

I denne ungdomsforsamlinga  jobbar Pål Sverre Aasen (27) som ungdsompastor. Ikkje akkurat banebrytande i seg sjølv å jobbe som dette. Men det som vart inspirerande å sjå det valet han hadde tatt om å jobbe akkurat der. Eg trur nemleg ikkje kven som helst ville reist aleine til Lofoten i Nordland for å drive med ungdomsarbeid.

Men kva inntrykk  var det som møtte meg denne helga? Ei lita og vissen forsamling? Ein einsam og sliten ungdomspastor? Nei, eg fekk oppleve eit flott fellesskap med menneske som brydde seg om kvarandre, som var inkluderande og gjestmilde. Ei forsamling med mange utruleg brennande kristne.

Sjølvsagt vart eg  jo litt nysgjerrig på kva i all verda som kunne få ein person til å flytte på seg på denne måten. Pål Sverre viste meg då denne songen:

I likskap med  mange andre, har eg bedt om å bli leia av Gud dit han ønskjer meg. Det har kanskje du gjort òg? Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg merkar sjølv at når eg ber dette, at då meiner eg ofte innerst inne at eg må bli kalla til ein plass eg har lyst til å reise til.

Det er spanande  å be om å bli leia av Gud. Men det som er enda meir spanande er når vi tør å opne oss opp for dei planane Gud har lagt framfor oss. Dette fekk eg sjå i løpet av denne helga i Lofoten, og eg blei inspirert til å vere meir open for Gud sin plan med livet mitt, ja, til og med til å bli leia opp «i ødemarken, der isbjørnen bor».

For korleis skal  menneske kunne ta imot Jesus som sin Herre og frelsar dersom ingen går? Gud ønskjer å bruke oss til å bygge Hans rike her på jord.

Og kva er det  å bygge Guds rike? Jo, det er å gå i ferdiglagte gjerningar. Det betyr at Gud har lagt gåver langs livsvegen vår, som vi berre skal få lov til å opne opp etter kvart som vi går. Vi skal ikkje gå i vår egen kraft, men vi skal få hente kraft frå Gud – den utømmelege kraftkjelda.

Det betyr igjen  at du vil vere i trygge hender når Gud sender deg, anten det er til Afrika eller til Lofoten. Det vi må gjere, er å be om å få opne auger for Guds plan, og så mykje kjærleik til andre menneske at vi ikkje klarar å la vere å fortelje dei om Jesus. Så mykje kjærleik at vi ikkje klarar å leve med at det finst menneske i Noreg i dag som aldri har høyrt evangeliet om Jesus.

Vi du gå dit Gud går? Kvar enn han kallar, vil du følge ?

Foto: Privat