Å velje studium er ikkje som å gifte seg

Å velje studium er ikkje som å gifte seg

Studievalet kan vere vanskeleg. Desse 3 tinga bør du tenkje på før du veljer studium.

Livet

Livet er en artikkelserie hvor vi tar opp forskjellige temaer som kan være aktuelle i dagliglivet til iTros lesere.

Eg er så heldig å få lov å jobbe tett saman med unge menneske som skal gjere viktige utdanningval. Nokre av desse har hatt planane klare i mange år allereie, andre strevar og leitar og synest det er vanskeleg å finne ein god veg. Begge deler er veldig normalt!

Desse 3 tinga bør du tenkje på før du veljer studium:

  • Den første og viktigaste innsikten vi treng for å velje utdanning, er å kjenne oss sjølv.
    Er eg kreativ, systematisk, sosial, initiativrik, praktisk og/eller teoretisk? Treng eg tryggleik og forutsigbarhet, eller lengtar eg etter spaning og variasjon. Vil eg leie andre, eller bli leia? Solospelar eller lagspelar? Korleis blir eg oppfatta av dei rundt meg? Kva situasjonar blir eg så oppslukt av at eg gløymer tid og stad? Kva er viktige verdiar for meg? Kva drøymer eg om? Kva er mine styrker? Kva er mine begrensingar?
  • Dernest er det viktig å finne ut mest mogleg om dei studiuma som høyrest aktuelle ut.
    Les meir enn tittelen på studiet. Eit godt tips er å finne fram til studieplanen slik at du kan lese om kva faga i studiet heiter. Dei heiter neppe norsk, engelsk og matte lengre, kanskje heller tekstlingvistikk, forbrukeradferd eller patologi. Les og finn ut mest mogleg på førehand. Har du i tillegg ei tante eller ein nabo som kjenner til det studiet du vurderer, så ta kontakt og ver nygjerrig!
  • Bruk også tid på å halde saman det du veit om deg sjølv og om dei utdanningane du vurderer.
    Snakk med nokon som både kjenner deg godt og som er så glad i deg at dei vågar å svare ærleg. Spør: Kva tenkjer du vil passe godt og mindre godt for meg i dette studiet? Og gjev også deg sjølv ærlege svar..

Det er skummelt å ta store val i livet. Og vi vil jo helst at alle desse store avgjerdslene skal vere gode, ja helst perfekte.

Eg meiner bestemt at det viktigaste valet du kan ta, det er å seie ja til Jesus. Det nest viktigaste vil eg seie er kven du veljer å gifte deg med.

Val av studium er definitivt også eit viktig val. Bruk god tid på det. Gjer det du kan for å finne noko som passar deg. Men ikkje ver så redd for å ta eit «uperfekt val» at du lar vere å ta ei val. Det er lov å snu. Det er lov å ombestemme seg. Det er lov å ta grundig feil. Du giftar deg ikkje med ei utdanning. Du må til og med rekne med å ta fleire utdanningar gjennom livet, små eller store.

Verda vi lever i er omskifteleg, og livet vårt kan også ta heilt andre vendingar enn vi hadde planlagt. Men hugs at mange som har tatt «feil-val» kan fortelje at omvegen dei gjekk gav dei masse viktig lærdom, enten fagleg og/eller menneskeleg. Og kanskje til og med åndeleg.

Livet

Livet er en artikkelserie hvor vi tar opp forskjellige temaer som kan være aktuelle i dagliglivet til iTros lesere.