Maybe attending

Maybe attending

Det er ikkje alle forespørslar som kan besvarast med eit "kanskje".

Andakt

Denne andakten var fyrste gong publisert på iTro i 2011.

Det dukkar stadig opp invitasjonar til ulike eventar på fjesboka, og eg er forferdeleg dårleg å svare. Kvifor ta meg bryet med å svare no når eg kan svare seinare? Dessutan må eg ha oversikt fyrst. Fins det eit betre alternativ den fredagskvelden? Kva skal kjærasten min? Kva skal vennene mine? Kven andre kjem? Konklusjonen vert pinleg ofte: maybe attending. (Eller ”deltek kanskje” som det står på mi, men det klang ikkje like bra.)

Det er herleg uforpliktande, men nestan like dårleg som å ikkje svare i det heile tatt. Eg gløymer ut heile eventen, og når eg plutseleg kjem på; ”var det ikkje ein konsert eller noko eg hadde vurdert å gå på..?” så er den allereie ferdig spilt.

Dei store tinga kan ein ikkje alltid ta på sikt

Veit du; Du  er invitert til tidenes  event! Eit evig kalas i Himmelen med Faderen, Sonen, Anden, brør og systre! Men dei som svarar ”maybe attending” får ikkje koma inn på festen. Dei store tinga kan ein ikkje alltid ta på sikt. Dette er enten/eller.
Han treng å vite om du kjem, for han vil lage plass til deg.

Du treng ikkje ordne gåve, festklede, eller skyss. Du må ikkje ha rette fasaden, vere engasjert nok, eller leve opp til visse krav for å koma inn – Han tek seg av alt. Om du berre seier at du vil vera med, fiksar Han resten. ”For Han som byrja si gode gjerning i oss skal fullføra han”! Fil 1,6
Du kan koma til dekka bord – tek du eitt steg mot Gud, tek han resten ilag med deg.

«For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er, eller det som koma skal, eller noka makt, verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.»
Rom 8,38-39

Du er tilkobla  Guds trådlause nettverk, og han ventar på svar. Svar før invitasjonen går ut på dato. Eg står som «attending». Gjer du?

John Olav Selstø

Andakt

Denne andakten var fyrste gong publisert på iTro i 2011.