Matte og disippelskap

Matte og disippelskap

Mads Byberg (18) bruker matte til å vise hvordan disippelskap kan gi vekst i Guds rike.

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene baserer seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.

Matte. Kanskje elskar du det, kanskje gjer du ikkje, uansett er det noko me stadig møter på gjennom livet. Matte kan deles inn i fire hovudreknearter: addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon. Kvifor ein trur du Jesus likte best?

Addisjon og multiplikasjon

Eg ville slått eit slag for addisjon, og to for multiplikasjon. Jesus var ein som såg og brydde seg om den enkelte. Han fekk mange etterfølgjarar og disiplar som han både investerte tid i, og lærte opp.

Av dei tre åra Jesus var aktiv blant folkemassar og disiplar, har bibelforskare kommet frem til at han brukte mellom 60-90% av tida si på å lage og trene opp disiplar. Gjennom desse disiplane ville han seinare nå ut til enda fleire menneske enn han sjølv gjorde i si verketid. Han verka altså multipliserande gjennom andre.

Multipliserande disiplar

Me ser også at disiplane hans verka multipliserande. I Paulus sitt andre brev til medarbeidaren sin Timoteus skriv han:

«Det du har hørt av meg i mange vitners nærvær, skal du gi videre til pålitelige mennesker som er i stand til å undervise andre.» ‭(2 Tim ‭2,2)

Paulus formaner altså Timoteus til å gi vidare det han har høyrt til pålitelege menneske som igjen er i stand til å undervise andre. Altså får Timoteus i oppdrag å lære opp nye menneske, som seinare kan lære opp andre igjen.

Men det sluttar ikkje der, for me blir også fortalt at dette Timoteus høyrte, det høyrte han i mange vitners nærvær. Dermed er det fleire som blei formana til nettopp dette, og truleg formana dei nok det neste leddet til nettopp det same.

– Ein svimlande sum av over 1 milliard

Se føre deg at du er med å trene opp to disiplar eit år, og neste år trener begge dei opp to nye, og dei igjen to nye. Tenk deg kor mange disiplar det ville våre etter 30 år… Svaret er på ein svimlande sum av over 1 milliard. Altså meir enn 1 000 000 000 menneske.

Drøym stort. Ha forventningar til kva Gud kan gjere, og tenk multipliserande.

Det er enorme summer, men kanskje verker scenarioet litt urealistisk, og det får være opp til deg å tenke ut, men potensialet er framleis der.

Poenget er ikkje at alle skal gå inn som pastor og bruke all tida si på å trene opp nye ledarar og disiplar, men at me blir bevisste på at det er meir enn berre vårt individuelle bidrag som fører til vekst for Guds rike.

Tenk multipliserande

Gud utruster dem som vil følgje han, men me kan også bli brukt i den prosessen til å utruste og heie på kvarandre. Ved å investere tid og krefter inn i å trene opp nye disiplar og etterfølgjarar som Jesus gjorde med disiplane sine, kan me nå ut mykje lenger enn det ein eller to personar greier sjølv.

Drøym stort. Ha forventningar til kva Gud kan gjere, og tenk multipliserande.

Lightstock / Håkon Rydland

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene baserer seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.