Kan kvinner få snakke?

Kan kvinner få snakke?

Kan ikke kvinner snakke i kristne sammenhenger?

Lurer på det i Bibelen om at kvinner ikke skal snakke i forsamlingen osv. Virker ikke som om mange tar det på alvor. Eg tror ikke det gjelder i dag. Har opplevd at Gud har brukt meg til å si ting på møter. Samtidig er vel det som står i Bibelen riktig?

Eg veit ikkje kva du har lese om dette i Bibelen, men dei tekstane som oftast blir trekt fram i denne samanhengen er frå 1. Tim og 1. Kor.14, 34-35. Desse tekstane kan verke harde og strenge. Dei siktar først og fremst mot ein aktuell situasjon; dei skulle formane og rettleie kyrkjelyden. Kanskje var det uro i desse kyrkjelydane på dette området? Me veit ikkje.

Kvinne og mann er skapt ulike, og blir òg plassert i ulike oppgåver i kyrkjelyden

Men når vi les desse tekstane saman med andre tekstar ser me òg at her er det prinsipp som gjeld til alle tider. Kvinne og mann er skapt ulike, og blir òg plassert i ulike oppgåver i kyrkjelyden. Merk at kvinne og mann blir ikkje vurdert med ulik verdi, men plassert ulikt i nokre få oppgåver. Det gjeld til dømes ansvar for å lære, vere hyrde, vere leiar.

Men når me les Bibelen i samanheng ser me at kvinner og menn har like stor plass i tenesta i Guds rike. Og begge har òg ein plass i vitnetenesta. I Dommarboka var Debora profetinne og domar, Maria Magdalena fekk bringe bod om at Jesu grav var tom, og den samaritanske kvinna ved brunnen fekk springe av garde og vitne om kven ho hadde møtt. Det fekk store konsekvensar! Tidlegare i 1. Kor. 14, vers 23, omtalar Paulus heile kyrkjelyden: ”…om alle talar med tunger..”

Eg har opplevd så ofte at dei grensene Gud har sett er gode for meg

Eg har lyst å seie at du må berre vere frimodig til å vitne om kva Jesus har gjort for deg, og kva plass han har i livet ditt, både i forsamlinga di og til vener og venninner. Men samstundes vil eg understreke at når Bibelen seier nei til full likestilling i den kristne forsamlinga, kan ikkje me seie ja berre fordi det gjer det enklare for oss.

Eg har opplevd så ofte at dei grensene Gud har sett er gode for meg. Difor har eg heller ikkje problem med at mannen skal ha andre oppgåver enn meg. Eg vitnar sjølv om Jesus for born og unge, og har opplevd å få ansvarsfulle oppgåver i misjonen. Men eg har ikkje noko ønskje om å overta det hyrde- og læreansvaret som Guds ord har tiltrudd mannen.

Lukke til med å vere eit levande Jesu-vitne!

Ill.foto: Oberazzi on flickr.com

Spørsmål og Svar

Lurer du på noe? Flere Spørsmål & Svar finner du under Påfyll.

Vil du sende inn et spørsmål gjør du det under Kontakt Oss.