Ikke spis all røra selv

Ikke spis all røra selv

I en andakt som kunne vært hentet fra "Astrids kakeblogg" skriver Astrid om å smake på kakerøra selv og å dele med andre.

Andakt

Astrid (26 år) er utdannet fysioterapeut og bor i Ballstad i Nordland. Hun har tidligere jobbet som journalist i iTro.

I dag baka eg kake. Det skjer ikkje kvar dag, for å seie det sånn. Men det er kjekt å lage kakerøre.

Det er noko avslappande ved å stå der og røre, og ikkje minst er det stor stas å smake på røra.

«Dette skulle jo vere ei andakt, ikkje ein bakeblogg»

Då eg skulle helle røra ned i kakeforma, slo følgjande tanke meg: Det er utruleg kor mykje enklare det er å få kakerøra ut av bollen når den skal i munnen, enn når den skal i kakeforma. Du kjenner deg kanskje att. Eg trur vi alle har vore i den situasjonen over ei bakebolle, der vi heller skrapar røra ut for å putte i munnen, enn å la det gå til kaka.

Lyttar ulikt på ulikt bodskap

Ok, kva er det eg ønskjer å seie? Dette skulle jo vere ei andakt, ikkje ein bakeblogg. Sjå for deg at du sit på eit møte, anten på ein stor festival, i kyrkja, på ungdomsklubben, eller kvar som helst. Har du lagt merke til at ein lyttar ulikt på ulike bodskap?

«Dersom ein berre tenkjer på seg sjølv, blir det ingen kake. Berre høgt blodsukker»

Dersom talen er retta mot deg og kva Jesus har gjort for deg, då er det ofte lett å følgje med. Då kan ein berre sitje og ta imot utan krav. Men dersom talen utfordrar livet ditt, utfordrar deg på for eksempel å fortelje om Jesus til venene dine, då kan det fort hende at ein kanskje stenger det litt ute.

Det blir som med kakerøra. Det som berre skal til ein sjølv, det er berre ei glede å skrape ut, men kan dessverre gå ut over mengda av det som eigentleg skal delast med andre. Dersom ein berre tenkjer på seg sjølv, blir det ingen kake. Berre høgt blodsukker.

Må delast

Kake er til for å delast, og evangeliet er ikkje ei privatsak. Evangeliet skal i aller høgste grad delast med andre. Det snakkar Jesus mykje om, det kan vi lese om i Bibelen, mellom anna i misjonsbefalinga.

Dersom vi ser for oss at evangeliet er kakerøre, utfordrar eg deg på å ete røra slik: Et deg akkurat passe mett, for deretter å la så mykje som mogleg gå inn i kaka som skal delast med andre. Med andre ord: Aldri gløym kva Jesus har gjort for deg. Høyr bodskapen ofte, og minn deg sjølv på det. Men del òg med andre! Det er det beste du har å gje dei du møter, for det er evig, og det er for alle.

Andakt

Astrid (26 år) er utdannet fysioterapeut og bor i Ballstad i Nordland. Hun har tidligere jobbet som journalist i iTro.