Ei bøn om kjærleik

Ei bøn om kjærleik

I vinter startet Andreas Hellesøy (19) å be en annerledes bønn. Det medførte endring.

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene baserer seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.

Joh 15, 13-17.

Vinteren 2023 byrja eg å be ei viktig bøn. Eg byrja å be om å få elska mine medmenneske med Guds kjærleik, og ikkje min eigen. Eg har alltid visst at det er Guds vilje at vi skal få elska kvarandre, og etter eit møte med Gud i London hausten i forvegen, kjende eg meir på kjærleiken hans til meg.

Bøn etter Guds vilje

Med dette i bakhovudet, så ville eg jo ikkje anna enn å elska, men det kan jo ikkje eit menneske gjer i seg sjølv, ikkje fullkomment. Eg klarte ikkje vera overberande, ikkje så mild som eg ynskja, og måtte innsjå at dette ikkje var min kamp.

Jesus leia meg til å byrje å be om dette, også å be spesifikt om hans kjærleik til menneske som eg sleit med å elske.

Når man ber slike bøner som tydeleg er gode, og er etter Guds vilje, trur eg at han svarer, og det opplevde eg med akkurat dette.

Overveldande kjærleik

Eg fekk kjenne Guds hjarte for folk, verkeleg! Eg blei etter kvart overvelda av den kjærleiken eg kjende Jesus har til andre folk. Ein heilt spesiell varme og ei kribling i magen, som er måten eg kjenner Den Heilage Ande på, byrja å overta meg når eg fekk sjå folk som Gud elskar (Det vil sei Alle).

Min Herre, Jesus, hadde svart med overflod av det eg hadde bedt om. Dette var veldig sterkt for meg, fordi at eg skjøna kva Gud tenkte om kvart enkelt menneske. Hans kjærleik til oss, den som gjorde at han var villig til å døy for oss, den fekk eg ein smakebit av.

Hans bod er ikkje tunge

Paulus skriv at vi skal la kjærleiken vår vere fullkomen, og det kan han ikkje vere utan at vi er påkobla Kristus. Jesus seier at hans bod ikkje er tunge, og det er heilt sant etter mi erfaring.

Når han seier at han elskar oss, og at hans bod er at vi skal elske kvarandre, er ikkje det det tyngste i verda. Eg har erfart, etter store periodar kvar eg har slite med å tilgi, at det er mykje tyngre å ikkje elske enn å gjere det.

Elske vår neste

Vår gode Gud, som gjev oss gåver i så rikt monn, han gjev oss også å elske, og hans kjærleik er perfekt. Den som det står om i 1 Kor 13.

Gud syner oss denne ved relasjon til han, men også relasjon til andre kristne. Vi er faktisk venene til Gud om vi gjer det Jesus byr oss: At vi skal elske kvarandre som han har elska oss.

Dette er ei enkel, men fundamental sanning om kven Jesus er, og kven vi er kalla til å vere. Jesus elskar oss, og hans bod er at vi skal elske kvarandre.

Han ynskjer relasjon til oss, og dette kan faktisk syne seg gjennom at vi elskar kvarandre. Han er faktisk så god at han vil gje oss det som vi ikkje klarar sjølve: Å elske han, og å elske våre neste som oss sjølve.

Mi utfordring til deg: Be Gud om å la deg elske andre med hans grensesprengande kjærleik!

Lightstock / Håkon Rydland

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene baserer seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.