Guds kroppsdelar

Guds kroppsdelar

- Har Gud alle kroppsdelar som eit menneske?

Spørsmål og svar

Lurer du på noe? Send inn spørsmålet ditt tiliTro@nlm.no,eller påfacebooksida vår.Eller kanskje finner du svar iSpørsmål og Svar-spalten vår.

Knut Kåre Kirkholm eransatt påFjellhaug Internasjonale Høgskolei Oslo, som også driver bloggen «På sporet av sannhet«.

Hei og takk for eit spennande spørsmål. Svaret er eit litt typisk for bibelskulelærarar, nemleg «ja» og «nei».

Me kan byrja  med «nei-delen»:

Jesus lærer oss at «Gud er ånd» (Joh 4,24). Det gjer at me ikkje utan vidare kan gå ut frå at han har kroppsdelar og ser ut som eit menneske.

Likevel bruker Bibelen  ofte kroppsdelar for å skildra Gud. Me kan lesa om Guds hand/arm, munn, auge osb. Det trur eg er bilettale for å seia at Gud handlar, snakkar, ser osb. Altså ikkje slik at Gud har desse kroppsdelane, men at han gjer ting som desse kroppsdelane er til for å gjera.

For at me skal kunna sjå Gud, vel han å openberra seg

Det var «nei-delen»  av svaret. Lat oss no gå over til «ja-delen».

Ei særs viktig sanning med Gud er at han openberrar seg. Det vil seia at han syner seg for menneske. Det gjer han ikkje i all si prakt og herlegdom, for ingen kan sjå Gud og leva (2 Mos 33,20). For at me likevel skal kunna sjå han, vel han å openberra seg.

Når han i  Bibelen gjer det, kjem han nær på måtar menneske kan sjå. Somme gonger kom han i eld og skyer, men me les og om gonger der Gud kom i form av eit menneske.

Eit godt eksempel er 1 Mos 18, der Gud kjem på vitjing til Abraham ein varm sommardag. Der sit han i skuggen og et saman med Abraham og fortel at Abraham snart skal få ein son. Vidare fortel han også om at han skal øydeleggja dei syndige byane Sodoma og Gomorra. Her er det liten tvil om at det er Gud, Herren, som kjem til Abraham (1 Mos 18,22-33).

Jesus kom og levde blant oss som eit menneske med kjøt og blod og alle kroppsdelar

Så av og  til kan me sjå døme på at Gud openberrar seg i menneskeleg form, med alle kroppsdelar.

Dette banar vegen for den viktigaste openberringa av Gud, nemleg Jesus. Kristendommen har ei lære om Gud som seier at han er treeinig – Gud er ein. Men han er også tre personar som ikkje må blandast, men heller ikkje skiljast (Faderen, Sonen og Den Heilage Ande).

Jesus er difor  Gud openberra. Maria fødde Gud. Jesus kom og levde blant oss som eit menneske med kjøt og blod og alle kroppsdelar. Då Jesus stod opp frå grava, stod han opp som eit menneske med alle kroppsdelar. Og då Jesus fór opp til himmelen gjorde han det som eit menneske. No er han i himmelen som eit menneske og han skal koma att som eit menneske.

I så måte er det djupast sett rett å seia at Gud har alle kroppsdelar, som eit menneske.

Ill.foto: Oberazzi på flickr