– Eg prøvde å framstå med eit klart Gudsforhold når i realiteten forholdet var svært uklart

– Eg prøvde å framstå med eit klart Gudsforhold når i realiteten forholdet var svært uklart

Sander Løge (17) bruker en tekst fra Jesaja til å tale inn i våre liv og sammenligner det å være kristen med skall og kjernen til ei nøtt.

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.

Dykkar nymånedagar og høgtider, sjela mi hatar dei. Dei har vorte ei bør for meg, eg er trøtt av å bera dei. Og når de breier ut hendene, løyner eg augo mine for dykk. Kor mykje de bed, så høyrer eg ikkje. Hendene dykkar er fulle av blod. Reinsa dykk og tvetta dykk. Tak dei vonde gjerningane dykkar bort frå augo mine, hald opp med å gjera det som er vondt. Lær å gjera det gode. Legg vinn på det som rett er! Vis valdsmannen på rett veg, hjelp den farlause til retten hans, før saka for enkja. Kom lat oss gå i rette med kvarandre, seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø, om dei er raude som skarlaken, skal dei verte kvite som ull. (Jes 1, 14-17)

Dette er Guds dom over Juda, som har vendt seg bort ifrå han. Dei gjer urett i høgtidene noko Gud ikkje toler. Men Herren tilbyr Juda og Jerusalem forlating for syndene for dei som vil omvenda seg.

Trass ytre fromheit levde dei ugudleg.

Sjølv om dette gjeld Juda og Jerusalem kan ein kjenna seg igjen i denne dommen. Denne talar også til oss kristne som lever i dag. Me var alle under denne dommen, og menneske i verda i dag er under den same tilstanden.

Skal og kjernar

Med all sin gudsteneste ynskja Israel i verkelegheit å ikkje møta Gud, hensikta deira var å halde Gud på avstand, slik at dei kunne fortsetje med å leve i synd. Trass ytre fromheit levde dei ugudleg.

Då manglar nøtta grunnlaget for liv og nye spirer.

Israel ville kalla seg for Guds folk og vil leva nær gud samtidig som hjerteforholdet tek avstand frå Gud med synder. Eit godt bilete på dette er skal og kjernen til ei nøtt. Når ei nøtt ligg på bakken kan den ha eit fint skal.

Likevel manglar nokre nøtter kjernen, av ulike grunnar. Då manglar nøtta grunnlaget for liv og nye spirer. Slik kan det også være med kristenlivet vårt i dag. 

Slik som Israelsfolket, brydde eg meg ikkje om forholdet mitt til Gud, men heller om korleis det såg ut for andre.

Ein ynskjer å stå fram som «gode kristne», men tenkjer først og fremst på dei ytre teikna; «nøtta kan sjå veldig fin ut». Då eg begynte på Lundeneset hausten 2022 hadde eg farga post-it-lappar spirande ut frå Bibelen, og gjekk mykje på møte. Eg prøvde å framstå med eit klart Gudsforhold når i realiteten forholdet var svært uklart.

Guds mirakel

Slik som Israelsfolket, brydde eg meg ikkje om forholdet mitt til Gud, men heller om korleis det såg ut for andre. I realiteten brydde eg meg ikkje om syndene mine og levde eit syndefullt liv.

Det var under eit møte eg såg kor fortapt eg var utan Gud. Eg såg at eg levde bevisst i synd med meg sjølv og mot andre. Når Gud strekkjar ut ei hand til Israelsfolket for å gjenopprette det tidlegare forholdet, tilbyr Gud dei syndenes forlatast.

Det same gjer han med meg og med oss kristne i dag. Me er fortapt utan ham. Som han seier i Jesaja 1,18: «Kom lat oss gå i rette med kvarandre.»

Evangeliet er eit mirakel som eg har fått ta del i uforskyldt.

Gud invitera oss til å leva ilag med ham og reinsa oss.

«For om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø, om dei er raude som skarlaken, skal dei verta kvite som ull.» (Jes 1,18)

Purpur og Skarlaken er type farger som ikkje lar seg fjerna. Når syndene då er som skarlaken og purpur, skal Gud fjerna dei. Dei skal bli kvite som snø og ull. Kvit er lysets farge og all reinhets symbol.

Så når eg tek imot syndenes forlatelse og bedkjenner mine synder skal eg få gå frelst i nåden. Eg blir ikledd ein kvitt kappe av rettferdighet og hellighet. Dette er nærmast eit mirakel i mitt liv. Evangeliet er eit mirakel som eg har fått ta del i uforskyldt. Dette har skjedd for meg og ikkje av meg.

Det er liv i å se på det Golgata kors, ja just nu er det liv for meg!

Lightstock / Håkon Rydland

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.