Vær da ikke bekymret for morgendagen! 

Vær da ikke bekymret for morgendagen! 

Leonora Fauskanger (17) oppfordrar deg til å gå til Gud med alle dine bekymringar: — Stol på at Gud har ein plan og at det han seier er sant. 

Andakter av og for tenåringer

Framover vil søndagsandaktene på iTro være skrevet av og for tenåringer. Andakten vil enten baseres på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.

I Matteus 6,34 står det:

«Vær da ikke bekymret for morgendagen. For morgendagen skal bekymre seg for seg selv. Hver dag har nok med sin egen plage.» 

Dette er et bibelvers som betyr mykje for meg. Det betrygger meg, spesielt i stressande og tunge periodar.

Gjennom dette bibelverset seier Gud at me ikkje skal bekymra oss. Me skal ikkje bekymra oss for morgondagen, ikkje for livet, ikkje for noko.

Dette treng eg å bli minna på gong på gong. Å stole på Gud er lett når ting er bra. Det som er dumt er at livet ikkje alltid er bra, og i desse periodane er det vanskelegare å stola på Gud. Eg veit eg ikkje er den einaste som synes det. 

Gud ber oss gjere det motsette

Gud seier at me ikkje ska bekymra oss. Og når Gud som er Kongens konge ber oss om å ikkje bekymra oss, kvifor skal me då la vera å stola på det? Kvifor skal me då bekymra oss?

Gud ber oss jo om å gjere det motsette. Då er det opp til oss å stole på det, fordi Gud ønsker alltid at me skal stole på han. 

Velsignet er den mann som stoler på Herren og setter sin lit til han. Jeremia 17,7 

Alle har bekymringar, uansett kven du er. Eg trur at oss unge kanskje bekymrar oss spesielt mykje, og for mykje forskjellig.

Me stressar over skule og me blir utsett for mykje press. Me opplever spesielt mykje press knyttet til kropp og utseende. Frykten for å ikkje vera bra nok er spesielt stor hos mange.

Gud elskar deg av heile sitt hjarta

Tankar som «Er eg ikkje god nok?» og «Kva kan eg gjere for å bli bra nok?» kjem ofte. Svaret på dette er: 

Ingenting!

Du skal ikkje gjere noko for å forandre deg. Gud elskar deg som du er. 

Gud har skapt deg i sitt bilde og han elskar deg av heila sitt hjarta. Dette kan me lese masse om i Bibelen. 

For så har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror du ham, ikke skal fortapes, men ha evig liv. Johannes 3,16 

Gud gav sonen sin for å visa kor høgt elska du er av han. 

Tips for å stola på Gud

Viss du no tenker at du er som meg og ikkje veit heilt korleis du ska klara å stola fullt og heilt på Gud, så har eg nokon oppfordringar til deg. Detta har hjelpt meg med å klare å stole meir på Gud og ikkje stresse over ting eg ikkje har kontroll over.

1. Be 

Å komme til Gud med alle bekymringane mine synes eg er veldig befriande. Me kan alltid komme til Gud med det me tenker på og slit med. Bønn er vår måte å snakke med Gud på. Kom derfor til Gud med alle dine bekymringar. 

2. Les i bibelen 

I bibelen kan du lese om det Gud har sagt, som kan gjere at du stoler meir på hans ord. Eg opplever sjølv at å lese i bibelen kan hjelpe meg gjennom bekymringar, vanskelege tider og stress. 

3. Bruk tid med Gud og andre kristne 

Å bruke tid med Gud og andre kristne har vert med å styrke trua mi. Gjennom lovsong, møter eller andre kristne samankomstar kan du sjå alt det flotte Gud har skapt og oppretta. Dette har hjelpt meg å sjå kor verkeleg Gud er. 

Eg håper at nokon vil ta med seg vidare det eg no har skrevet om. 

«Som far har elsket meg, har jeg elsket dere. Bli i min kjærlighet.» Johannes 15,9 

Gud elskar oss og det er det ingen tvil om. Viss du stoler på Gud og det han har sagt, vil livet gå mykje enklare. Sjølv i tunge tider. Når vonde tankar kjem fram er det viktig å bli minna på at Gud skapte deg i sitt bilde og at han elskar deg.

Du er Guds barn, og Gud vil ikkje at du skal bekymre deg for noko. Kom til Gud med alt du bærer på. Det Gud seier er sannheit og det må me stola på. 

Lightstock / Håkon Rydland

Andakter av og for tenåringer

Framover vil søndagsandaktene på iTro være skrevet av og for tenåringer. Andakten vil enten baseres på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.