– Kan eg vera ein kristen, eg som tenkjer så mange dårlege tankar?
I dagens andakt deler Vemund Skjæveland (18) om frelsen vi har i Jesus.
«Jesus, Jesus! Alt det du treng for himmel og jord, er gøymt i det eine ord.»
Sangstrofa frå overskrifta er henta frå den nydelege songen «Ser du deg svart og urein», skriven av Sigvard Engeset i 1919. Dette er ein song som ligg hjarta mitt nært, mest fordi eg kjenner meg så godt att i det som står, men samstundes gir meg ein så stor trøst.
Eg er ein syndar og følar meg ofte uverdig framfor Gud.
Uverdig framfor Gud?
Godt hundre år seinare kan me kjenna oss att i teksten frå vers to:
«Ber du så lite frukter, lite av gledesong. Aldri du meir vil synda, snublar då gong på gong…»
Eg er ein syndar og følar meg ofte uverdig framfor Gud. Eg tenkjer stygge tankar, seier ting eg burde unngått å seia og gjer ikkje alltid i tråd med Guds ord.
Paulus skriver i Romarane 7 om korleis «kjøtet mitt» og Guds gode vilje står kvarandre imot, der han i vers 18 konkluderer med at det ikkje bur noko godt i vårt mennesklege kjøt. Kanskje kjenner du på noko av det sama?
Jesus som frelsar og redningsmann
Personleg har eg alltid levd i trua på Jesus, men i blant snik tvilen seg inn på meg som ein tjuv. Er det faktisk sant at Jesus har gjort alt ferdig? Kan eg vera ein kristen, eg som tenkjer så mange dårlege tankar?
Det er godt å veta det at Jesus er min frelsar og redningsmann, og at eg kan kvila i hans favn.
Slike spørsmål trur eg me alle har fundert på i løpet av vårt kristenliv, og nettopp då er det eg fell tilbake til det som står i Romarane 10,9:
«For dersom du med munnen din sannar at Jesus er Herre, og i hjarta ditt trur at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst.» (Rom 10,9)
Det er godt å veta det at Jesus er min frelsar og redningsmann, og at eg kan kvila i hans favn. David skriv gjentatte gonger i Salmenes Bok at Gud er min tilflukt og mi borg, ei fast klippe der du kan koma som du er. Betre gøymeplass finst ikkje.
– Eg får gå fri!
«Alle har synda og står utan ære for Gud. Og dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysinga i Kristus Jesus.» (Rom 3, 23-24)
Dersom rettferdiggjeringa mi hadde vore avhengig av mine eigne gjerningar, hadde dommen vore klinkande klar: Skyldig til døden! Men i denne «rettsalen» stig dommaren sjølv ned og tar på seg dommen min.
Nøkkelord over alle nøkkelord her er JESUS!
Eg får gå fri! Trass ditt svik og alle dine mangler, så er Hans nåde ny kvar einaste dag. La oss sjå korleis vers to fortsetter:
«…Gøym deg i Kristi rettferd! Fullkommen var hans veg. Lev i hans frie nåde, så lever han sjølv i deg.»
Nøkkelord over alle nøkkelord her er JESUS! Berre Han kan frelse. Berre Han kan byte ut steinhjarta ditt med eit hjarta av kjøt (Esek 36,26).
Berre Han kan gje framtid og von (Jer 29,11). I Jesus Kristus er forløysing for syndene dine, og det er berre på grunn av frelsesverket på krossen.