– Eg veit at uansett kva som skjer i livet mitt, så er eg elska og beskytta av Gud

– Eg veit at uansett kva som skjer i livet mitt, så er eg elska og beskytta av Gud

Vegard Muren (19) har vore kristen heile livet og er det framleis i dag. I denne saka fortel han kvifor.

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.

Eg har kalla meg sjølv ein kristen heile livet, og har vokse opp i ein familie og ein storfamilie der Jesus er i sentrum. Dette har vore viktig for mi trusutvikling. Med Jesus på laget så har eg det best.

Her er fem grunner til kvifor eg er ein kristen:

1. Familie

Som sagt så er eg oppvaksen i ein kristen familie. Eg har hatt veldig mange gode kristne rollemodellar som både har inspirert meg, og vist meg kven Jesus Kristus er. Det har vore både styrkande og fint å sjå Guds kjærleik gjennom andre menneske.

Ingenting kan målast med kjærleiken frå Gud.

«Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de og gjer». (1 Tess 5,11)

Vi er velsigna som kan styrkje trua vår gjennom å hjelpe kvarandre.

2. Jo meir tid eg brukar med Jesus, jo betre har eg det

Jo meir tid eg brukar med Jesus, jo meir tenkjer eg på han og kva han ville ha gjort i ulike situasjonar. Det er ein tryggleik og ei sann glede å ha Jesus med seg kvar dag gjennom alt, både oppturar og nedturar.

«Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid». (Heb 13,8)

«Er vi trulause, så er han endå trufast, for han kan ikkje fornekta seg sjølv». (2 Tim 2,13)

Han sviktar aldri sjølv om eg kan svikte han.

3. Kan leve det beste liv

Bøn er ein stor del av mi kristne tru. Eg kan kome til Jesus med alt, uansett kor stort eller lite det er. Han tar oss imot med opne armar og lar oss kome som vi er. Med Jesus som min støttespiller nummer én kan eg leve det beste liv.

«Alle dei som Far gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort.» (Joh 6,37)

Jesus seier at vi kan kome som vi er, og han vil ikkje avvise oss.

4. Fred og tryggleik

Eg veit at uansett kva som skjer i livet mitt, så er eg elska og beskytta av Gud. Han passer på meg kvart einaste sekund, kvar einaste dag, og han har ein plan for akkurat livet mitt. Dette kan eg finne ro og kvile i.

«Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.» (Fil 4,7)

5. Håp

For meg er ikkje døden slutten, men starten på eit nytt liv saman med Gud. Dette gir meg håp og meining i kvardagen. Trua på eit evig liv gjer at eg ønskjer å leve med tru og kjærleik.

«For vi veit at om det blir nedrive dette teltet som er vårt jordiske hus, så har vi i himmelen ein bygning som er frå Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender». (2 Kor 5,1)

Dette understrekar håpet og tryggleikane trua gir oss, sjølv etter døden.

Privat

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.