Når religion er tabu

Når religion er tabu

Europa er ikkje lenger verda sitt religiøse sentrum

Leder:

Vekas leder er skriven av Astrid Rydland Bjørke (24).

Eg er så  heldig at eg har foreldre som bur i nærleiken. Frå tid til annan reiser eg heim for å bu der nokre dagar.

Fleire ting endrar  seg når eg er heime. Eg blir litt meir lat, og får litt lågare kvilepuls enn eg har til vanleg. Noko anna som skjer, er at eg følgjer litt meir med på nyhedene enn elles.

På grunn av  dette, fekk eg følgd litt ekstra med på den store hendinga i Roma – valet av ny pave. Sjølv tykkjer eg dei fekk gjort unna valet ganske så raskt, og den nye paven såg i grunn ut som ein likanes kar.

Etter at den nye  paven hadde vist seg fram, vart ei katolsk nonne intervjua på NRK. Ho tykte det var spanande at den nye paven var frå Sør-Amerika, og ikkje frå Europa der sekulariseringa er på frammarsj.

Færre er engasjerte i religiøse samanhenger enn tidlegare

Sekularisering vil seie  at religion blir mindre og mindre viktig i eit samfunn.I Noreg viser dette seg i form at statistikk som mellom anna seier at færre enn tidlegare går i kyrkja, og færre er engasjerte i religiøse samanhenger og aktiviteter.

Dette fekk meg  til å tenkje litt. Korleis skal vi som kristne forholde oss til denne sekulariseringa? Er religion så fjernt for folk at dei aldri kjem til å bli interesserte i det vi trur på?Er det så stor motstand at vi rett og slett ikkje kan utgjere ein skilnad?Er det eigentleg best å berre gje opp?

Kristendommen er jo ingen religion!

Midt i denne  negative tankerekka slo det meg: Kristendommen er jo ingen reiligion! Det er nok mange som vil påstå nettopp dette, men å vere kristen er ikkje å vere religiøs. Å vere kristen er å ha ein relasjon til den oppståtte Guds son – Jesus.

Å vere kristen  er ikkje å vere underlagt lovar og reglar vi må følgje for å blidgjere ein Gud vi håpar eksisterer. Kristendommen handlar om at Gud kom ned til oss som eit barn i ei krybbe.Å vere kristen handlar om å gje livet sitt til ein som elska oss først, ein som elska oss først.

Mindre religion – meir plass til Jesus?

Dette overgår alt  som heiter fornuft, logikk og bevis. Det overgår òg alt som heiter statistikk og undersøkingar. Guds ord overgår alt fordi det er det einaste som verkeleg er sanning.

Ok, så har  kanskje religiøsitet blitt mindre viktig for oss i Europa. I så fall håpar eg det kan føre til at det blir meir plass til Jesus. Meir plass til Han som vil at alle menneske skal bli frelst og lære sanninga å kjenne.

Så kva skal  vi gjere som kristne i Noreg? Eg håpar du vil vere med og be for landet vårt. Be om at vi som trur på Jesus må kunne tale sant om Gud, og at Han må utruste oss slik at fleire kan få ein relasjon til Han.

Gud er allmektig , større enn alt av statistikk og progosar, større enn alt. Verd å kjempe for?

Ill.foto:  © carlosgardel – Fotolia.com