Litt gravid?

Litt gravid?

Ja, går det an å vere litt gravid?

Som kristne møter  vi mange utfordringar i møte med dagens samfunn. Ei av utfordringane er at det ikkje er akseptert at ei sanning er absolutt. For det som er rett for nokre kan vere feil for andre, og ingen har lov til å konstantere korkje det eine eller det andre.

Sjølvsagt kan dette  skape fridom, men eg trur òg det kan skape problem. For når alt blir relativt, blir grensene mellom kva som er godt og vondt, rett og gale, viska vekk, for det er jo ikkje lengre noko som heiter rett og gale.

Litt kristen og superkristen er menneskeskapte ord

Her slår Bibelen  gjennom som noko særs oppsiktsvekkande. Der er det nemleg ingen ting som heiter gråsone eller gylden middelveg. I møte med Bibelen må ein gjere noko som ein ofte slepp å gjere elles. Ein må ta eit standpunkt, eit endeleg val. Og det valet må ein halde fast på uansett kva livet fører med seg, kva andre meiner eller kva samfunnet måtte meine.

Eg høyrte noko  seie ein gong at det ikkje går an å vere litt gravid. Slik er det i møte med Gud òg. Der er det ingen gråsone, og det er heller ingen rangering av «kristenhet». Omgrep som litt kristen eller superkristen er menneskeskapte ord. For i møte med Gud er du anten kristen, eller så er du det ikkje. Anten trur du at du er ein syndar som treng tilgjeving, eller så trur du at du klarar deg sjølv. Anten har du gitt livet ditt til Jesus, eller så held du fast på det sjølv.

Det blir fort skummelt dersom vi prøvar å lage våre eigne spelereglar

Det blir fort  skummelt dersom vi prøvar å mikse litt av det vi lærer i samfunnet og det vi lærer i Bibelen, og prøvar å lage våre eigne spelereglar. Kristendommen hadde sikkert vore meir populær og attraktiv dersom den var ein buffé av meiningar og tankar, men ei slik tru hadde fort blitt noko anna enn vegen til Himmelen.

Våg å ta eit standpunkt!

Jesus seier:  «Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.» Bibelen vil alltid trumfe både dine og samfunnet sine meiningar.

Kva vel du  å støtte deg til den korte tida du har her på jorda? Gråsona eller sanninga? Livet her på jorda er berre eit lite sekund i forhold til evigheten vi har i vente. Våg å ikkje leve i gråsona mellom rett og gale. Våg å ta eit standpunkt. «For den som vil berga livet sitt, skal mista det» seier Jesus. «Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal berga det».

Foto: © RTimages – Fotolia.com