Krykkekristendom

Krykkekristendom

Ei (ny) flause minna meg på noko viktig. 

Leder

Ukas leder er skrevet av Astrid Rydland Bjørke.

I helga var eg på skiweekend med forsamlinga eg går i. Kledd opp i rosa boblejakke og rosa skibriller er eg sikker på at eg hadde passa godt inn i kategorien dansk turist. Betre vart det heller ikkje då eg fann meg sjølv i å gripe rundt næraste person (som var ein middelaldrande mann) då eg byrja å skli i køen til skitrekket. Sjølvsagt kunne eg ha bremsa, men refleksen var altså å gripe rundt næraste person.

Eg veit at eg ikkje kan kome meg gjennom dette livet ved å berre lene meg litt til Jesus

Og der vart  eg ståande ei stund, heilt til eg til slutt klarte å hekte ski og skistavar ut av andre sine ski og skistavar, og fekk ordna meg sjølv på plass igjen. «Jada, berre ta den tida du treng, du..» kom det tørt frå mannen som sikkert lurte på korleis dette ville sjå ut dersom kona dukka opp.

Eg har høyrt fleire gongar at folk kjem med ein påstand om at folk blir kristne fordi dei treng noko å klynge seg til i livet, til dømes ei krykke. Det er eg totalt ueinig med. For eg veit at eg ikkje kan kome meg gjennom dette livet ved å berre lene meg litt til Jesus. Ei krykke vil ikkje vere nok. Eg vil trenge ei båre. Eg treng at Jesus kvar dag kan bere meg gjennom livet, og at eg kan kvile i (ikkje lene meg til) nåden, tilgjevinga, og frelsa han vil gje.

Når det gjeld Jesus må han få bere deg

Dersom du vil  ta imot nåden, kan du ikkje berre lene deg litt på den. Dersom du skulle ha veldig behov for å klynge deg halvvegs til noko kan du heller gjere som meg, og til dømes klynge deg til næraste person i kassa på Rimi. Men når det gjeld Jesus må han få bere deg. Og i følgje Jesaja 46,4 høyres det ikkje så aller verst ut:

Alt til dykkar alderdom er eg den same,
til de grånar i håret, skal eg bera dykk.
Det har eg gjort, og det skal eg gjera,
ja, eg skal bera og berga dykk.

Foto: FallenPegasus på flickr