Kristen prosentrekning
Er 0,4% nok til å forandre livet ditt?
Eg likar matematikk. Eg likar korleis det kan vise svar svart på kvitt utan at nokon kan motseie seg det. Ingen vil krangle om to pluss to blir fire eller fem. Matte er matte. Mange ting i livet er relativt, men matematikk er konstant. Kanskje skremmer eg deg vekk no ved å snakke om matematikk? Ta det med ro, du kjem til å forstå det som står vidare.
Å bruke tid med Gud i kvardagen kan vere utfordrande
Å bruke tid med Gud i kvardagen kan vere utfordrande, spesielt når prøvar, innleveringar, den viktige konserten, eller den viktige fotballkampen heng over deg. Då er kanskje det å setje seg ned med Bibelen det siste du tenkjer på, og det å gå på møte kan fort bli nedprioritert.
No kjem matematikken inn i biletet, og eg skal vise dykk eit lite reknestykke for å understreke eit poeng. Her er det ikkje meininga å kome med peikefingeren. Kva du gjer med svaret er opp til deg.
Er 0,4% nok til å forandre livet ditt?
Dersom du til saman brukar tid med Gud 30 minutt i løpet av ei veke, utgjer det 0,4% av tida du er våken. Med andre ord: 99,6% av tida brukar du på andre ting. Då er spørsmålet: Korleis får du dei 0,4% av veka til å overskygge dei resterande 99,6%? Klarar dei 0,4% å vise at du har tatt eit standpunkt om å følge Jesus, eller blir det litt sånn av og på? Er 0,4% nok til å forandre livet ditt?
Å begynne å lese i Bibelen er som å begynne å trene
Eg veit at ein på ingen måte kan lese i Bibelen 24/7. Ein må ete, sove, gå på skule, dusje og andre kvardagslege og menneskelege ting. Så å oppnå 100% vil ikkje vere eit realistisk mål. Men kanskje klarar du over tid å auke det opp til 1 eller 2%? Å begynne å lese Bibelen er som å begynne å trene. Det kan vere litt treigt og tungt i starten, men etter kvart går det betre.
Begynn lett, og set deg realistiske mål som du veit du kan klare. Det viktigaste er at du tar deg tid jamnleg. Ein ting er sikkert: Du vil ikkje angre etter du har gjort det, for å bli kjent med Gud er utruleg spanande. Eg snakkar av erfaring: Det er verdt det!
Ill.bilete: © Igor Dutina – Fotolia.com