Gjer mindre!

Gjer mindre!

Av og til gjer vi litt for mykje

Leder:

Vekas leder er skriven av Astrid Rydland Bjørke (24)


Vi blir overmanna  kvar einaste dag av krav til område i livet som burde bli betre. Vi burde trene meir, ete sunnare, ha meir tid til både vener, familie, jobb, skule OG hobbyar. Skulle vi fulgt alle råd og alle oppfordringar, hadde vi neppe hatt tid til å sove.

I kristenlivet kan  vi òg kjenne på krav frå tid til annan. I ei forsamling er det ofte mange akvitetstilbod, og nokon kan kjenne på eit ansvar for å vere med på eller engasjere seg i alt som skjer. Til slutt er kalederen fylt opp til randen av alt frå kor til søndagsskulearbeid.

Vi skal ikkje vere tilskodarar, men deltakarar

Det er bra  å engasjere seg, og Bibelen oppfordrar oss på det sterkaste til å ikkje vere tilskodarar i forsamlinga vi går i, men til å vere aktive deltakarar. Så i seg sjølv er det ikkje dumt å vere aktiv.

Men av og  til lurar eg på omnokon gjer litt for mykje. Kan det vere at vi til tider overskygger Jesus med alt som vi skulle/burde/måtte/ville gjere? Blir det så mykje aktivitet og engasjement at vi ikkje får tid til å ha ein personleg relasjon med Jesus?

Vi skal ikkje arbeide i vår eiga kraft

For kven er  det vi skal hente krefter fra til arbeidet vi står i? Jo, det er jo frå Gud! Vi skal ikkje arbeide i vår eiga kraft.For vår kraft går fort tom, og då blir vegen kort til å bli overmanna av krav, mismot, og negative tankar.

Guds kraft er  derimot utømmeleg. Den går aldri tom, og gir oss krefter, mot og kjærleik til å fullføre dei oppgåvene vi står i med overskot! Tenk på det! Gud vil faktisk ikkje at vi skal slite oss ut.

Guds kraft gir oss krefter til å fullføre med overskot

Det finst eit  uttrykk som heiter å vere god-sliten. Det handlar om å kjenne seg sliten, men ikkje på ein måte som gjer at ein misser motivasjonen. Det handlar om at ein kan kjenne gleden i arbeidet sjølv om det tar litt krefter.

Eg vil at  du skal spør deg sjølv no: Korleis er engasjementet mitti den forsamlinga eg går i?

Er engasjementet fråverande,  er det eit fareteikn. Det er ikkje bra for deg sjølv eller forsamlinga å vere tilskodar. Då er det lurt å finne seg ei teneste og å vere deltakande og aktiv. Engasjerte menneske er avgjerande for at arbeidet i forsamlinga skal gå framover, for at ein skal kunne nå nye menneske.

Korleis er engasjementet mitti forsamlinga eg går i?

Men dersom du  kjenner at du er overlessa av arbeid, og at kvalitetstida med Gud er heilt fråverande, er dette òg eit fareteikn. Då kan det vere at du har hamna i ein kategori som ein kanskje snakkar for lite om i kristen samanheng – dei som gjer for mykje.

Eg sit ikkje  på fasitsvaret for kor mykje ein person kan vere engasjert i ei forsamling. Men eg trur det kan vere lurt å tenkje seg litt om frå tid til annan, reflektere over kven som er kraftkjelda, om det er deg sjølv eller Gud. Eg vil i alle fall anbefale å hente kraft frå Gud.