Med åpne armer

Med åpne armer

Eg er ikkje noko betre enn Peter! Eg og "svikte, fornekte og bedrar". Likevel står Jesus der med åpne armer.

Min påskesang

I denne serien forteller forskjellige folk om sin favorittpåskesang.

Det er spesielt ein påskesong som eg liker spesielt godt: «Kyrie» av Bjørn Eidsvåg.

Då eg høyrde den vart eg gripen av måten den så ærlig snakte om det å være kristen, både i tanker og gjerninger.

«Eg svikte, fornekte og bedrar»

Eg hugsar då eg var yngre, at når eg las om Judas, så skjønte eg ikkje korleis han kunne svikte Jesus! Eller når Peter nektar for at han kjenner Jesus, sjølv om Jesus kun nokre timar tidlegare hadde forutsagt det! Peter måtte jo ha tenkt at dette burde han ikkje gjort, men likevel seier han nei tre gonger før han sjølv ser kva han hadde gjort!

Men gong på gong i mitt eige liv innser eg at eg også «svikte, fornekte og bedrar. Eg gjer’kje det eg veit eg plikte, e hjertelaus og hard». Songen får fram at eg ikkje er noko betre enn Peter!

«Likavel e du lika gla i meg»

Ofte i kristenlivet føler ein at «Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg» (Rom 7, 19). Og eg tipper Peter følte det på samme måte då han fornekta at han kjente Jesus, eller dei andre disiplene som trakk seg unna då han trengte det mest.

Men sangen seier det så fint, at «Likavel e du lika gla i meg, tilgir meg alle feila mine. Stille tar du kappå di av deg og tar te å vaska beina mine», som ein innbydelse til å ta del i Nåden som Jesus gir!

Og det er akkurat dette «likevel» som er så godt for meg! For Jesus er ikkje ein mann som står der og seier til Peter, «Kva var det eg sa?» Men han står der med åpne armer og seier at «sjølv om du svikter og fornekter meg, så er eg likevel glad i deg!»

God Påske!

Min påskesang

I denne serien forteller forskjellige folk om sin favorittpåskesang.