Lappen på dodøra

Lappen på dodøra

Gud er med deg i det du seier til andre

#detverset

I dag er det Miriam (18) som deler sitt favorittvers i serien #detverset. Ho går for tida på Framnes Kristne Vidaregåande Skule.

Eg har ei  samling av bibelvers på gule post-it-lappar, som heng, eventuelt ligg litt strødd, rundt på rommet mitt.

Her om dagen kom eg på ein lapp eg ikkje har lest på lenge. Den hang på innsida av dodøra mi i heile fjor, men i år har den blitt liggande i ei bokhylle. På lappen står det:

»Gå nå, så vil jeg være med deg når du taler, og lære deg ha du skal si.» (2.mosebok 4,12)

Gud har lova å vere med i det eg seier kvar dag

Du tenkjer kanskje;  Javel? Det var jo eit litt spesielt vers å ha på innsida av dodøra si? Det passar til ein forkynnar eller prest, ein som ofte har tale, men kvifor skal ein heilt vanleg skuleelev velje å la akkurat dette verset henge ein så sentral stad?

Jo – hovudgrunnen er at  dette verset lærte meg at Gud har lova å vere med i det eg seier kvar dag. Dersom eg lar han få sleppe til, vil han lære megkva eg skal seie i den rette situasjonen, til det rette mennesket og på det rette tidspunktet. Av og til når eg las verset, ba eg stille for meg sjølv at Gud måtte vise meg nokon eg kunne snakke med, og korleis eg skulle snakke med dei.

Gud strakk til sjølv om orda mine ikkje strakk til

Eg gløymde ofte  å sjå etter bønnesvar, men når eg no tenkjer etter, ser eg at eg var mykje flinkare til å vere open om tru, og til å prate med folk om djupare ting i fjor, enn eg har vore i år. Kanskje det var fordi eg las kvar dag at Gud vil vere med meg i det eg seier, sjølv om mine ord ikkje strekk til.

I bibelen er  desse orda gitt til Moses fordi han protesterte mot at Gud kunne bruke han til å tale til Israelsfolket. Moses meinte han var dårleg med ord og lite flink til å snakke. Men Gud var ueinig! Han sa at han ville vere med i alt det Moses skulle sei. Det var jo tross alt Gud som skapte munnen hans.

I Bibelen er desse orda gitt til Mosesdå han protesterte mot Gud

Så oppmuntringa til  deg i dag er at Gud er med deg ALLTID! Til og med i det du seier til andre. Han vil hjelpe deg med å finne dei rette orda når du ikkje anar kva du skal sei, og han kan formidle sin kjærleik til mennesker, gjennom deg. Akkurat som han var med Moses vil han vere med deg.

Kanskje duòg  vil henge verset på døra di, slik at du kan lese det kvar dag? Eg skal iallfall henge lappen min opp igjen!

The Quilted Turtle / flickr

#detverset

I dag er det Miriam (18) som deler sitt favorittvers i serien #detverset. Ho går for tida på Framnes Kristne Vidaregåande Skule.