Filip flytta

Filip flytta

Kva gjer du når du opplever suksess i livet ditt? Når folk likar det du gjer? Når du merkar at du er godt likt? Filip flytta.

Mitt forbilde

«Mitt forbilde» er en serie der ulike personer forteller om sitt forbilde, og hva det er ved denne personene som gjør ham eller henne til et forbilde.

Kva gjer du når du opplever suksess i livet ditt? Når det kristne arbeidet du står i, verkeleg har framgang? Når folk likar det du gjer? Når du merkar at du er godt likt?

Filip, som vi kan lese om i Apostelgjerningane, opplevde dette. Han flytta.

Det vart rett og slett stor glede i byen då Filip var der!

Filip forkynte evangeliet om Jesus til mange menneske (Apostelgjerningane 8). Og som de kanskje veit, er det ikkje alltid like enkelt å følgje med når nokon snakkar om Jesus, til dømes på eit møte. Det kan bli litt langtekkelig, tankane glir fort over i noko anna. Men når Filip tala, står det spesifikt i Bibelen at folket høyrde oppmerksomt med. Mange vart helbreda, og vart sett fri frå vonde åndsmakter. Det vart rett og slett stor glede i byen då Filip var der!

Tenk om det hadde vore sånn viss eg hadde forkynt ordet for mine naboar og dei som bur rundt meg! Dersom folk hadde fulgt nøye med, og eg hadde sett med eigne auge at folk vart friske viss eg ba for dei, då hadde eg sikkert hatt lyst til å vere på denne plassen lenge. Og sånn er det jo med mange ting i livet. Når vi merkar at livet byrjar å gå bra, at vi trivst og har det godt, då har vi ikkje særleg lyst til å flytte på oss. Då vil vi helst vere der vi er, og nyte det så lenge vi kan.

Her har Filip det som plomma i egget, og så blir han bedt om å flytte

Men kva hende med Filip? Bibelen fortel: «Ein engel frå Herren tala til Filip og sa: «Gjer deg ferdig og gå sørover på vegen som fører frå Jerusalem til Gaza.» Dette er ei aud strekning Snakk om nedtur, liksom! Her har Filip det som plomma i egget, og så blir han bedt om å flytte. Men Filip sutra ikkje over dette. Han tok beina fatt.

På denne aude strekninga møtte Filip ein mann som hadde behov for hjelp for å forstå kva han las i Bibelen. Mannen sat og las i Det gamle testamentet, men han forsto ingen ting. Då tok Filip mot til seg, gjekk bort til mannen og forklarte kva versa i Jesaja eigentleg betydde. Han fekk dele evangeliet om Jesus, og mannen blei ein kristender og då!

Eg trur ikkje det er noko som kan måle seg med den kjensla av å få oppleve at eit anna menneske tar imot Jesus. Kjensla av å få sjå eit menneske gå over frå døden til livet, ja, for det er faktisk det som skjer med oss når vi blir kristne. Vi går frå å måtte leve eit evig liv utan Gud, til å få eit nytt hjarte, eit nytt liv, og eit evig liv saman med Gud. Det er det største av alt!

Med Filip som forbilde, blir det plutseleg spanande å vere kristen

Eg ønskjer å leve som Filip. Eg ønskjer å leve eit liv der eg har forventning til at Gud kan bruke meg, forventning til at eg kjem til å oppleve menneske bli frelst. Eg ønskjer å leve eit liv som er så fleksibelt at Gud kan kalle meg til å gå kvar som helst, uansett omstendigheiter. Og når livet leier meg på aude strekningar, når eg er usikker på kva livet gøymer rundt neste sving, når eg har det tungt, då òg ønskjer eg å leve eit liv til ære for Gud – eit liv i forventning om at Gud vil bruke meg til å gjere store ting.

Vi trur på ein Gud som er uendeleg mykje større enn vi fattar og forstår. Hans planar er større enn våre planar, og hans vegar er alltid betre enn våre vegar. Filip lærer meg å vere fleksibel, å lytte til Guds stemme, og til å dele evangeliet uansett kvar eg er. Med Filip som forbilde, blir det plutseleg spanande å vere kristen. Berre prøv!

Ill.foto: © Anna-Mari West – Fotolia.com