På plass der Gud vil ha ho

På plass der Gud vil ha ho

Den ferske misjonæren Marianne (24) var litt redd ho skulle tenke "oh no" når ho kom ut. Sånn vart det ikkje.

Misjon

Tema på iTro i september er ”Bønn”. Me vil oppmuntra alle til å vere med å be for Marianne og tilværelsen hennar i Peru.

Her er noko av det Marianne har på hjarta:
Takkeemne: at Gud er med og at han gir meg det eg treng for å stå i denne tenesta. At han gir meg vener og gode relasjonar og at han gir meg masse latter!

Bønneemne: At eg må glede meg over at eg får lære språket, at eg må bli betre og betre i spansk og at eg må få gode relasjonar. At eg må få peike på Jesus her og få leve nær han og vere med på det Han gjer i Peru.

 

 

Marianne Thormodsæter vart innvia til misjonær på UL i år. iTro snakka med ho første gong nokre månader før ho skulle dra. Me har fått ei oppdatering av den første 1,5 månaden.

Fekk du ikkje med deg den første saka om Marianne? Les den her.

Smooth overgang

– Eg visste jo ikkje heilt kva eg gjekk til og stressa veldig lite med at eg skulle reise på førehand, så eg var litt redd eg skulle tenke «oh no» når eg kom ut. Men det har gått veldig fint! Eg trur eg er her fordi Gud har satt meg her. Eg kjenner på at han er med i kvardagen, at han leier meg og gir meg det eg treng.

Sjølv om språkskulen ikkje byrjar før utpå dagen er Marianne seg sjølv lik på andre sida av jorda, og er oppe før kl 06 med tid til kaffi, bibel og gjerne litt lekser før frukost. Dei første seks månadane er satt av til å lære spansk, og det er lekser, språkskule, lekser, litt meir lekser og gjerne noko sosialt på kvelden som fyller dagane.

Utålmodig etter å koma skikkeleg i gong

Eg merker at no når eg «berre» lærer språk, så er det litt for enkelt å gløyme kvifor eg er her. Eg kjenner ofte på at eg ikkje ”produserer” noko. At eg ikkje gjer noko nyttig.

– I går var det ein som skreiv til meg «det gjeld å ikkje springe, men vandre i Guds ferdiglagte gjerninger.» Så eg prøver å ikkje stresse her, men å ha trua på at Gud kjem til å leie meg og gi meg det eg treng, og nyte at eg har masse tid til språk og relasjonar. Eg har det masse morsomt!

Planen er at ho skal byrje å jobbe i mars som lærer på bibelskulen.

– No føles det litt crazy å skulle ha ein arbeidskvardag på spansk i mars, eg anar ikkje eingong kva eg skal undervise i endå. Men det går seg nok til, eg trur det vert gøy.

Latterlege bønnesvar

Eg høyres nok litt lite from ut når eg seier dette. Men noko av det viktigaste for meg i løpet av ein dag er å få le. Når eg vart innvia til misjonær hadde eg på bønnekortet mitt at eg måtte få glede og latter i kvardagen. Og det har eg verkeleg fått. Berre for nokre dagar sidan hadde språklæraren min, eg og ho andre som er i klassen min latterkrampe. Så eg får ledd masse og det er eit deilig bønnesvar.

Tiss på henda

Når ein flytter til eit anna kontinent vert det før eller seinare ein kulturkræsj eller to.

– Den mest overraskande til no var kanskje når eine språklæraren min såg på henda mine. Ho syns dei var forferdeleg tørre. Men ho hadde eit tips: Eg kunne bruke tiss (mitt eige) på henda, og gjerne litt i ansiktet og. Dette ville gjere dei heilt mjuke. Eg skulle ta det på om kvelden, ta på hanskar, og neste dag ville alt vere bra. Ettersom ho fortalte alt dette på spansk så var eg litt usikker på om ho eigentleg sa noko anna. Men nei, ho gjor ikkje det. Eg var nesten redd for å møte opp på skulen dagen etter utan å ha tissa på henda. Kan òg nemnast at ho hadde måtte slutte med det når ho gifta seg og mannen hennar syns det lukta dårleg.

”Hei eg har få venner, vil du henge?”

For å koma i kontakt med folk har Marianne bestemt seg for å gå på rett på sak.

– Ofte syns eg det er stress å skulle få masse nye vener (særleg når eg ”må”), men her merker eg at Gud er med og gjer det enklare. Han gir meg glede og oppturar, og det er gøy å få peruanske veninner og kjenne at eg litt etter litt klarer å kommunisere med dei. Fram til desember bur ho hjå ein peruansk familie som tar godt vare på ho, snakkar spansk med ho og kallar ho ”Mariannita”.
– Peruanarane er fine.

Kva vil du lesarane skal sitte igjen med når dei les dette?

– Når Gud har sagt han er med, så er han faktisk det. Når han gir oss utfordringar, så kan me vere sikre på at han alltid er med! Og det er faktisk ikkje er heilt crazy å flytte til Peru (eller andre plassar!). Ein får vener og ein finn seg til rette. Ein må berre tørre å gje slepp på det som er kjent og gjere det.

Kort status av dei første fem vekene:
  • Mest spist: Ofte litt usikker på kva eg et, særleg til middag.
  • Mest sagt: Si, si, si, entiendo (ja,ja,ja, eg forstår).
  • Største overrasking: Overraskande vanskeleg å få tak i store ukokte havnegryn.
  • Største sakn: Å treffe folk IRL og ikkje berre på meldingar.
  • Glad eg tok med: Kaffikvern og aeropress.
  • Skulle ynskje eg tok med: Refleksvest og tjukk handkrem.
NLM Arkiv

Misjon

Tema på iTro i september er ”Bønn”. Me vil oppmuntra alle til å vere med å be for Marianne og tilværelsen hennar i Peru.

Her er noko av det Marianne har på hjarta:
Takkeemne: at Gud er med og at han gir meg det eg treng for å stå i denne tenesta. At han gir meg vener og gode relasjonar og at han gir meg masse latter!

Bønneemne: At eg må glede meg over at eg får lære språket, at eg må bli betre og betre i spansk og at eg må få gode relasjonar. At eg må få peike på Jesus her og få leve nær han og vere med på det Han gjer i Peru.