Ting ein kan gjere ein sommarsdag

Ting ein kan gjere ein sommarsdag

Når ein plutseleg fekk ferie, og lurer på kva ein skal bruke tida på.

Tips og triks

Vi i iTro har omsorg for hele deg, og har en overflod av mer eller mindre fornuftige råd til enhver anledning.

Tips & trikser spalten hvor vi hjelper deg å karre deg gjennom den grå hverdagen.

Endeleg er den etterlengta sommarferien her. Kanskje har du akkurat kome heim til familie, eller kanskje har alle reist heim og du er igjen i byen. Felles er at det er skulefri og plutseleg er det eit heilt nytt problem som oppstår: Dagar skal fyllast med gøyale ting.

Då eg spurde mor mi om kva eg kunne gjere då eg hadde late dagar heime, foreslo ho at eg skulle ta ein «Bibelquiz». Om mor di er like lite hjelpsam som mi kan du halde fram med å lese.

Ein kan alltids finne eit vatn eller ein sjø og bade i

Ta deg eit bad
Noko som er obligatorisk om sommaren er BADING. Det spelar inga rolle om det er kaldt eller varmt, om sola skin eller det regnar. Ein kan alltids finne eit vatn eller ein sjø og bade i. Inviter med vener og familie. Kanskje kan du lage til eit strandparty. Viss du ikkje likar å bade kan du gå på stranda og få deg ein god brunfarge. Ingenting er som å vere solbrun då ein kjem att frå ferie.

Bruk tid saman med nokon som set pris på det
Ofte er det lenge sidan eg har sett besteforeldra mine, eller andre familiemedlem. Då er dette eit godt «tidsfordriv» om sommaren. Plukk med deg nokre blomar og gå på besøk. Då vil du nok oppleve det same som meg; masse mat og gode samtalar.

Dusj i regnet
Ein favoritt hos meg er å dusje i regnet. Då det som regel er regn store delar av sommaren på vestlandet er det både deilig og forfriskande å stå ute i regnet med shampoo i håret. Ein kan verkeleg kjenne at ein lever!

Det er mogleg at det er så mykje fint å sjå at du gløymer at du kjeder deg

Viss du ikkje likar å bli våt kan du setje deg inne og spele spel. Eit spel som me har spela masse heime er «SkipBo». Det er så enkelt at alle kan bli med og spele det.

 

Gå ein tur
Er det fint der du bur? Då er det òg truleg gode turmoglegheiter. Kanskje er det ein topp du kan gå opp på, ein skog å gå i, eller kanskje er det ei øy som du kan reise til? Det er godt å kome seg ut i naturen og få frisk luft. Det er mogleg at det er så mykje fint å sjå at du gløymer at du kjeder deg.

Eller… Viss du syns alle forslaga er skikkeleg keisame og du lurer på om eg skal kome med noko betre har eg eit siste forslag: sjå tv-seriar. Sjå MASSE tv-seriar. Det er både avslappande og meiningslaust.

Nyt sumaren!

Ill.foto:  David Schexnaydre på flickr