UP Tilbake
Slik får du løftet 17.mai-feiringen til et nytt nivå

Slik får du løftet 17.mai-feiringen til et nytt nivå

iTro gir deg fire tips. Og helt nederst står kanskje det viktigste du må huske.

Tips & triks

Vi i iTro har omsorg for hele deg, og har en overflod av mer eller mindre fornuftige råd til enhver anledning.

17. mai. Kven kjenner vel ikkje eit lite hopp av glede i magen når dei høyrer den datoen? Noreg sin store nasjonaldag, folkefest, glede, fri flyt av pølser og is, bunad og flagg.

Men når alt kjem til alt, når ein har blitt for gamal for barnetoget, når ein ikkje får plass på trehjulssykkelen til sykkelløpet, og potetløpet er avlyst pga dårleg vêr, kva skal ein finne på då? Korleis kan ein utnytte denne glansdagen? Her kjem nokre tips.

1. Gjer noko overraskande hyggeleg

Ein fridag er alltid ein moglegheit til å lage eit positivt arrangement. Dersom du feks går i ei cellegruppe eller bibelgruppe, kan de invitere til veners veners frukost/brunsj, der alle tar med litt mat kvar. Eller kva med kakefest i parken der alle er invitert? Gjer noko inkluderande, der alle kan kjenne seg velkomne! Då får du og alle sjansen til å få nokre nye vener. Overraskande mange går gjennom 17. mai utan å bli invitert med på noko. Ver ein inkluderande 17. mai-feirar!

2. Lag ein minneverdig 17. mai-hashtag

Gå saman med nokre vener, og opprett eit positivt konsept som kan munne ut i eit minneverdig album på Instagram. Plutseleg blir det heile ein netthit! Berre sjekk ut f.eks. #bunadspullup.

3. Kom på TV

På nasjonaldagen vår lagar NRK1 sendingar frå kvar minste krink og krok av vårt langstrakte land. Med andre ord: Uansett kvar du skulle opphalde deg, er det moglegheit for å få seg nokre sekund i rampeljoset. Grip moglegheita, grip journalisten! Og når du først er på fjernsyn, kan du jo mellom anna dele den glade bodskapen om din fantastiske hashtag, eller briefe med 17. mai-kunnskapen din (sjå punktet under).

4. Utnemn deg til dagens (årets) 17. mai-guide

Ja, vi veit alle litt om kvifor vi feirar 17. mai. Det er grunnlovsdagen. Men der stoppar ofte kunnskapen hjå mange. Kanskje du skal ta ansvar for å auke kunnskapsnivået til Ola Nordmann i år? Les deg opp på nokre enkle, men noko ukjende, fakta om 17. mai, og la den nye kunnskapen få flyte fritt gjennom festdagen. Med denne kunnskapen i boks vil du kunne opphalde deg kvar som helst med kven som helst utan å ende opp med pinleg stillheit. For faktum er at det er lett å gå seg vill i folkemengda på 17. mai, og då er det greitt å ha eit ess i erme. Kunnskap gjev tryggleik!

Med desse 4 små tipsa, håpar eg at du har fått nokre nye idear om korleis du kan ta 17. mai 2015 til ein nytt nivå. Nyt dagen, et is, sprei positivitet, og hugs å stryke bunadsskjorta.

Til lukke med dagen!

Siste fra hver kategori