– Forteljinga mi er ikkje noko ekstraordinært, men for meg var det livsforvandlande

– Forteljinga mi er ikkje noko ekstraordinært, men for meg var det livsforvandlande

Lyder Braut (22) reiste til ein familieleir i Sverige utan å kjenna nokon og utan særleg interesse for Jesus. Den veka skulle likevel bli eit vendepunkt i livet hans.

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

Når me vel å sjå dei rundt oss og visa dei kjærleik, opnar me samstundes døra for at Jesus får koma inn med sin livsforvandlande kjærleik.

Det er i alle fall mi erfaring.

– Kva brydde vel det meg?

Det byrjar å bli ein del år sidan den familieleiren i Sverige, leiren som skulle bli vendepunktet i livet mitt. Kvifor eg vart med er jo litt rart i seg sjølv, eg kjende jo ingen der, og Jesus var heller ikkje ein som engasjerte meg noko særleg.

Eg trudde han fanst, og var i live, men kva brydde vel det meg?

Likevel vart eg altså med, kanskje ei veke heime med nudlar og PlayStation hadde vore litt i lengste laget. Det var jo Sverigetur når alt kom til alt.

Guttakveld

Då vi kom fram vart eg møtt av dei eldste ungdomane, eg kjende dei ikkje, men dei var glade for å sjå meg og interresserte i å verta kjend med meg.

Slikt gjer inntrykk på ein som nettopp har slutta i 10. klasse. Eg vart teken inn i varmen og den utrygge kjensla som var der i starten gav gradvis slepp.

Seinare i løpet av veka var det guttakveld, og tradisjonen tro vart me utfordra på å ta eit oppgjer med synd i livet og sette oss mål for kva me ville strekkja oss etter.

– Ein sau på ville vegar som Jesus ikkje kunne miste

Eg torde ikkje dela noko, men eg fekk sjå opne og ærlege gutar som var eldre enn meg dela, og eg fekk eit innblikk i at Jesus har makt til å setja oss fri.

Eg lærde fort at eg ikkje var den einaste som bar på skam eller kjende seg einsam. Til slutt fekk eg bli bedt for av ein vaksen.

Denne kvelden fekk eg ein visjon og noko å strekka meg etter i livet, noko eg båe trong og hadde sakna før.

Då leiren var omme var det mogleg å dela personlege opplevingar frå leiren, og eg kunne gå fram å fortelja at Jesus har openberra sin kjærleik for meg på denne leiren, eg var som ein sau på ville vegar som Jesus ikkje kunne miste.

Noko å strekka seg etter

Før me skulle reisa vart eg invitert med på ungdomslaget heime, der fekk eg fellesskap og tilhøyrsle.

I ettertid har eg fått strekka meg etter Jesu eksempel og fått levd eit rikt og meiningsfullt liv. Forteljinga mi er ikkje noko ekstraordinært, men for meg var det livsforvandlande.

Det er ikkje noko uvanleg, berre nok ein person som får livet snudd på hovudet i møte med Kristi kjærleik. Sånt skjer!

Les også: – I stedet for å jage etter sterke opplevelser eller en bestemt følelse av Guds nærvær, har jeg valgt å holde fast ved Guds sannhet slik den står i Bibelen

Privat

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.