Vil gjerne lære meir

Vil gjerne lære meir

– Viss eg skal tru på noko, så må eg forstå, seier Jose Luis som går på alphakurs.

Kvar søndags ettermiddag er det alphakurs i Cochabamba, Bolivia. Jose Luis kom på fyrste kurskveld og syntes det var rart at det var så lite folk. Han kjente nokre ungdomar som han spelte fortball med, og lurte på om det var greitt at dei og kom. No nærmar det seg slutten på alphakurset, og me ville finne ut kva Jose har fått ut av det.

Kvifor er du på alphakurs?
– Først gjekk eg fordi eg var nysgjerrig, eg ville sjå kva dette handla om. Etter kvart vart det veldig interessant. I løpet av kurset har me vore innom ting eg visste frå før, noko eg ikkje visste og ting eg hadde misforstått.

Kva var det du ikkje visste?
– Eg har lært at det er berre på grunn av Jesus at me kan bli frelst. Eg trudde at me vart frelst på grunn av gode gjerningar. Me har også lært enkelte ting som på meg verkar merkeleg, seier Luis. – Forrige gong, når det handla om å stå imot det vonde, lærte me at også djevelen kan helbreda. Det synest eg høyres rart ut. Noko anna som eg synest verkar rart, er tungetale. Eg ber kvar dag, men ikkje i tunger.

Viss eg skal tru på noko, så må eg forstå

Kva trur du skjer etter kurset?
– Eg har lyst til å lage ein evaluering. Det er mange av ungdomane som eg spelar fotball med og som eg kjenner godt. Nå vil eg vil finne ut om det har vore nokon vits i kurset, eller om det var bortkasta tid for dei. Viss det har vore bra, vil eg prøve å få til noko etterpå. Eg ser på meg sjølv som ein med lite tru, men eg har lyst til at gruppa skal vekse.
– Ofte har eg mange spørsmål og kjem med mange kvifor. Det er ikkje fordi eg vil diskutere, men fordi at viss eg skal tru på noko, så må eg forstå, meiner Jose. – Eg tenker mykje, og derfor treng eg spørje kvifor, for å lære meir.

For mange katolikkar er det ikkje sjølvsagt å ha eit forhold til Jesus

– Eg går i den katolske kyrkja når eg kan. Mora mi er veldig katolsk og ho likar at eg er med henne, fortel Jose. – Ofte går eg på gudsteneste i den katolske kyrkja om morgonen, og på alphakurs om ettermiddagen. Her på alphakurset lærer eg meir, i den katolske kyrkja er det mange ritual. Eg likar begge delar.

For mange katolikkar er det ikkje sjølvsagt å ha eit forhold til Jesus. Vær med å be om at Jose Luis og dei andre på kurset skal få bli betre kjent med han.

Foto: Privat

 

Misjon

Misjon er spalten hvor du kan lese om misjonsprosjekter, misjonærer og misjonsland som har tilknytning tilNorsk Luthersk Misjonssamband(NLM), organisasjoenen som står bak iTro.

Hvorfor misjon’a, lissom?