Vegen til fellesskapet

Vegen til fellesskapet

Mennesket lengtar etter noko større!

Tema:

Tema for desember er fellesskap.

 
Eg trur alle  lengtar etter noko her i livet. Det kan vere mykje ulikt, alt frå å bli lagt merke til av personen ein er interessert i, til å endeleg få råd til noko ein har ønskja seg lenge. Sjølv lengta eg lenge etter ein sykkel, og vart særs glad då eg endeleg fekk råd til å kjøpe det.

Men eg trur  òg menneske lengtar etter noko som er større enn det vi kan få tak i her på jorda. Det er eit faktum at over alt i heile verda, uansett kvar ein reiser, er det menneske som tilber ein eller annan form for overmakt, anten det er forfedre eller naturgudar eller noko anna.

«Søken etter noko større utanfor seg sjølv er ikkje berre avgrensa til visse del av menneska som lever på jorda

Det syns eg  er veldig interessant. Søken etter noko større utanfor seg sjølv er ikkje berre avgrensa til visse del av menneska som lever på jorda, men er noko som går igjen over alt, og til alle tider.

Jesus sa følgjande  om seg sjølv ein gong:«Eg er vegen, sanninga og livet, og ingen kjem til Far utan gjennom meg.»

«Anten var Jesus ein løgnar, eller så er han faktisk einaste vegen til Gud

Det er veldig  radikale ord. Dette betyr nemleg éin av to ting: Anten var Jesus ein løgnar, eller så er han faktisk einaste vegen til Gud.

Det betyr at  dersom ein skal finne Gud, må ein utelukke alle religionar som ikkje inneber Jesus. Så lang må ein faktisk gå! Det er ein drastisk påstand i mange sine øyre, og kan høyres både urettferdig ut og litt naivt.

«Når folk møter Jesus, då gjer det noko med dei

Men det eg  har sett i mitt liv, og som Bibelen vitnar sterkt om, er at når folk møter Jesus, då blir dei forvandla. Då blir dei ikkje den same. For når ein møter Jesus, då får ein adgang til fellesskap med Gud – han som har skapt Himmel og jord. Og slikt går ikkje ubemerka forbi.

Første Johannes brev  seier det slik:

«Den som fornektar Sonen, har heller ikkje fellesskap med Faderen. Den som vedkjenner Sonen, har òg fellesskap med Faderen.»

Kanskje vil nokon  seie at det er skummelt å utelukke alle andre religionar, å seie at berre éit svar er riktig. Det kan vere. Kanskje tenkjer du det òg?

«Er det berre éit riktig svar?

Då utfordrar eg  deg på følgjande: Ta deg tid til å bli kjent med Jesus. Les i Bibelen, søk eit kristent fellesskap, bruk tid med kristne. Dersom det verkeleg ikkje gir det nokon ting, skal du få lov til å halde fram med å vere skeptisk.

Men dersom du  skulle møte Jesus, som det er stor fare for at du vil, då trur eg du vil forstå kva Jesus meinte då han sa:«Eg er vegen, sanninga og livet, og ingen kjem til Far utan gjennom meg.»

Tar du utfordringa? 

Ill.foto:  isaac.borrego og flickr