Teletubbiekristendom

Teletubbiekristendom

Kristen som ein teletubbie?

Ein ting skal  eg innrømme, og det er at eg aldri har likt teletubbiane. Fire irriterande figurar i ulike fargar som går rundt og bablar halvkorrekte setningar. Lite visste eg at dei skulle vere med på å hjelpe meg til å forstå følgjande Bibelvers:

De er alle  Guds born ved trua, i Kristus Jesus. For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus (Gal 3,26).

Ein teletubbie er faktisk ikkje ein teletubbie

Tru det eller  ei, men ein teletubbie er faktisk ikkje ein teletubbie. Det er eit menneske i ein teletubbiedrakt. Men ein skulle jo tru at det berre var ein teletubbie, for ein ser jo ikkje personen under drakta. Difor tenkjer ein når ein ser på barne-tv, at det der er ein teletubbie.

Når vi ha r tatt imot Jesus som vår Herre og frelsar, har vi kledd oss i Kristus. Vi får ta på oss ei Jesus-drakt som gjer at Gud ikkje ser oss, men Jesus. Det betyr at vi i Kristus får kalle alt det som er hans, for vårt.

Men alt dette er av Gud

Når Gud ser  på oss som har ikledd oss Kristus, ser han ein person som skal få kome til Himmelen, for Han ser jo Jesus! Med andre ord: Om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, noko nytt har blitt til! Men alt dette er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg og gav oss forsoningstenesta (2. Kor 5,17)

Vi som før  ikkje var verdige til å kome til Himmelen, har i Jesus fått namnet vårt skrive opp i Livets bok. Alt har blitt nytt gjennom det Jesus gjorde for oss.

Foto: carlf18 on flickr