Singel

Singel

Er eg min eigen sjef?

Serie

Ingvald Andre Kårbø er lærer på Fjellheim Bibelskole.

Dette er den andre delen i en miniserie om hvordan Bibelen snakker om det å være singel. Trykk her for å lese den første delen.

I den første  saken eg skreiv om det å vera singel, tok eg opp feiloppfatninga om at det å vera singel må vera direkte grusomt. Men saken er at det er mange som tenker totalt motsatt på singeltilstanden: «Det å vera singel er i grunn digg for då kan eg leva livet mitt sånn som eg sjølv vil! Då kan eg spela så masse X-box og sjå så på fotball dagen lang! Då kan eg bruka pengane tida mi på shopping og å gå på kafé, utan å tenka på nokon andre!»

Det er to andre ting enn endelause Premier-League-laurdagar Bibelen nemner som positivt med det å vera singel

For mange kan  det å vera singel fyra opp under egoismen, ved at ein blir meir og meir sjølvsentrert og tenkjer at ein er sin egen sjef. Bibelen lærer oss noko heilt anna. Saken er nemlig den at viss du trur på Jesus, så er ikkje du din eigen sjef. Då er det Jesus som er herre. Du er kjøpt fri frå dine synder for å tilhøyra han! (1.Kor 6,20)

Det er to andre ting enn endelause Premier-League-laurdagar Bibelen nemner som positivt med det å vera singel. Det fyrste er at ein faktisk slepp det ansvaret og dei utfordringane det fører med seg å ha ein kjæraste (og etter kvart ein ektefelle). Det å få ein kjæraste fører til at ein får ein del nye prioriteringar. Ein må ta omsyn til den andre og heile vegen prøva å vera til glede for den personen (1.Kor 7,33). Viss ein er singel derimot treng ein ikkje tenkja på korleis ein skal gleda kjærasten sin – fokuset skal få vera på korleis ein skal få kunne vera til glede for Gud (1.Kor 7,32)! Dette er det andre som er positivt: Å vera singel er ein moglegheit til å kunne få bruka tida si og kreftene sine på å vera eit vitne for Jesus til andre menneske.

Ei tid der du skal få arbeida for å bli ein mann eller kvinne etter Guds hjarte

Gud vil dermed  visa oss at det å vera singel ikkje er ein unnskyldning for å vera ein gjeng med egoistar. Det er ein moglegheit og eit kall til nestekjærleik ved å bruka kvardagen på å peika på Jesus for andre menneske gjennom orda våre og handlingane våre!

Så er realiteten at for dei fleste så er denne singeltilstanden midlertidig. Difor vil eg også oppmoda deg til å bruka singeltida som ei forberedingstid på ekteskapet. Det er ei tid der du skal få verta betre kjend med Jesus og ei tid der du skal få arbeida for å bli ein mann eller kvinne etter Guds hjarte – ein mann som trur på Jesus, er trufast, kjærleg og tek ansvar (Ef 5:25-26) eller ei kvinne som trur på Jesus og har meir ved seg enn ein pynta fasade (1.Pet 3,1-6)

Ill.foto: © SanjMur – Fotolia.com