Rette ektefolk

Rette ektefolk

Drøymer du om å gifte deg? Det er det nok mange som gjer, og med god grunn!

Kanskje tenkjer du at det er best å «teste ut» litt før du giftar deg, vere sambuar ei tid kanskje. Det er mange som vel det, og tanken er for så vidt ikkje så dum, men han kan ikkje foreinast med Bibelen. Bibelen har klare rammer for kvar samlivet mellom mann og kvinne skal levast ut. Det er mellom to som er glade i kvarandre, som avgir ein offentleg lovnad om å halde i lag livet ut. Det skal vere offentleg, altså gjerast i kyrkja eler hjå byfogden. Det skal vere slik at alle kan sjå at no høyrer desse to saman. Det set eit trygt vern rundt samlivet. Det er desse to det handlar om, og igen har rett til å trengje seg inn i mellom dei. (Les 1. Mos 2,24 og Matt 19,5-6)

Alle dagar

Jørn og eg har vore gift i fem år. Akkurat som det er å vere menneske er det å vere gift, det er både godt og til tider vanskeleg. Men det er dei vanskelege dagane at eg er mest glad for at Jørn og eg er gift. Tenk; eg er gift med ein som har lova, både for Gud og menneske at han ikkje skal gå frå meg. Han har lova å vere hjå meg både dei gode og dei vonde dagane. Han har gitt eit løfte som eg stoler på at han vil halde, og han har fått det same løftet frå meg. Kva gjer vi då når vanskelege dagar kjem (for det gjer dei)? Då vert vi tvinga til å finne ut av det. Vi må setje oss saman og finne ein felles veg. Det hørest kanskje kliséaktig ut, og det er ikkje alltid enkelt, men det er det einaste alternativet vi har.
Kva er det så i praksis å vere gift? Jau, vi bur saman, har felles økonomi, to born saman og deler det meste. Men er det «berre det»? Nei, å vere gift er mykje meir enn praktiske ordningar. Før vi gifta oss sa presten til oss, at no skulle min lojalitet først og fremst stå til Jørn og ikkje til alle andre. Sameleis skulle Jørn sin lojalitet stå til meg. Det er veldig lurt sagt og det heng nøye saman med det å forlate far sin og mor si. Ikkje forlate dei i den forstand at ein skal kutte kontakten, men ektefellane skal heller støtte kvarandre enn at «svigermor» skal bestemme i ekteskapet.

Livslangt…?

Er det mogeleg å vere glad i nokon heile livet då? Ja, det trur eg absolutt at det er, men eg trur ikkje det nødvendigvis går av seg sjølv. Min far terpa for oss borna då vi nærma oss giftealder, at «Kjærleik er eit val!»
I forelskinga sin rus så høyrest dette dumt og avleggs ut. Då seier vi «Kjærleik er kjærleik!» og er sikre på at dette vil vare. Kjærleiken er sterk, men han treng pleie. Det den kloke far min meiner, er at ein som ektefelle må velke den andre kvar dag. Velje å vise kjærleik, også dei dagane alt er litt kjipt, velje å gjere litt ekstra for den andre, velje å ikkje sjå alle feil og manglar, og når freistingane kjem, velje den ein ergift med og ingen andre. Ein lur leveregel, spesielt om ein vert betatt av andre. Eit ordtak seier: «Du kan ikkje unngå at fuglen flyr over hovudet ditt, men du kan unngå at han byggjer reir der.»

– Det er herleg!

Høyrest dette svært lite romantisk ut? Det er ikkje det. Det er her romantikken skal få lov til å blomstre. Kjærleiken mellom mann og kvinne kan levast ut, heilt til det mest intime. Ektefellen er den du kan dele alt med, som ikkje andre treng eller skal få innsyn i. Det er herleg!
På toppen av det heile har Gud knytt si velsigning til ekteskapet. Det er noko stort som vi audmjuke skal få ta i mot. Han vil vere med, hjelpe og styrke dei to som lovar truskap.
Lukke til med kjærleiken!

Foto: placbo på flickr.com

Sex & sånn

Sex og sånn er spalten hvor vi tar opp spørsmål rundt for eksempel seksualitet, forelskelse og forhold, på et bibelsk grunnlag.