Profetiar i dag

Profetiar i dag

Vi har ikkje profetar i dag på linje med dei vi ser i Det gamle testamentet, men kva med profetiar?

Serie

Dette er andre artikkel i serien «Tegn og under».

“Så seier Herren:” Slik starta ofte profetiane til dei profetane vi finn i det Gamle Testamente. Og i det Nye Testamente kan vi lese ein del om profetisk tale. Vil det seie at det er profetar i dag? Kva er eigentleg å tale profetisk? Kan eg tale profetisk?

Gud taler til ein gjennom andre menneske

Eg veit ikkje  med deg, men når eg høyrer ordet “profeti”, tenkjer eg med ein gong “spådom”. Og at profetiar også i dag har noko med framtid og Guds leiing i vandringa vidare å gjere, skal eg ikkje utelukke. Eg har sjølv opplevd at eg etter møte med andre personar har måtte gjere endringar av allereie lagte planar, fordi eg har følt at Gud gjennom desse viste meg ein annan veg enn den eg hadde bestemt meg for. Andre har også opplevd det same. At en opplever at Gud talar til ein gjennom andre menneske, om det som ligg framom, eller rett inn i livet her og no. Men sjølv om dette kanskje er det ein først og fremst tenker på når ein høyrer “profetisk tale”, er det ikkje nødvendigvis det som er hovudsaka når det Nye Testamentet talar om profetisk tale.

Vi har ikkje  profetar i dag på linje med dei vi ser i det Gamle Testamente. Profetane var i ei særstilling, akkurat som apostlane var det i det Nye Testamente – dei var openberringsberarar, og sjølve del av Guds openberring. Alle profetiar som kjem i dag skal prøvast på Bibelen, på profetane og apostlane si openberring. Som Paulus skriv: “Forakt ikkje profetord, men prøv alt og hald fast på det gode!” (1Tess 5,20-21) Bibelen er det profetisk tale skal prøvast på.

til oppbygging, formaning og trøyst

Hovudsaka med profetisk  tale verkar ut frå det Nye Testamente ikkje å vere “spådomen”. Nei, Paulus skriv: “Men den som talar profetisk, talar til menneske til oppbygging, formaning og trøyst.” (1Kor 14,3) I same kapittel skriv han at dette er noko vi alle kan gjere, sjølv om vi ikkje har ei spesiell nådegåve til dette. (14,31) Når folk snakkar om profetisk tale i dag, er det ikkje “tidsaktuell forkynning av Bibelen inn i livet til dei kristne” som nødvendigvis er det første ein tenkjer på. Men dette er den aller viktigaste forma for profetisk tale. Dette er heilt livsviktig for kyrkja – og har alltid vore det. Forkynning av Guds levande ord inn i vår tid er noko som vi MÅ ha for å kunne leve som kristne.

Jesus er hovudsaka  for all sann profetisk tale – Han skal setjast i sentrum og bli løfta opp for dei som høyrer orda. Gud talar framleis til oss gjennom andre, han kan gi oss draumar og syner. Men også desse må prøvast på Bibelen, og kan ikkje bli forpliktande på linje med Bibelen. Ingen av oss kan seie “Så seier Herren” til nokon, og fortelje dei kva dei skal gjere. Den autoriteten har vi ikkje.

ei lita «fruktliste» for sanne og falske profetiar

Likevel kan vi  i dag sjå at ein del meiner å ha ein bodskap som skal likestillast med Bibelen i autoritet, lovar helbreding og anna på Guds vegne, og som utøver stor makt over sine forsamlingar og tilhøyrarar med slik tale. Som ei rettleiing i møte med all påstått profetisk tale har ein vis mann gitt meg ei lita “fruktliste” for sanne og falske profetiar. I Bibelen står det ein heil del advarslar mot falske profetar. Jesus seier i Matteus 7,15-16: “Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar. På fruktene skal de kjenna dei.”

Går profetien i  oppfylling? Dersom den gjer det, fører den til at ein får større tillit og tru på Guds ord i Bibelen? Fører den til at ein blir nærare knytt til Jesus og opphøgar han, eller fører den til ei nærare knytting til “profeten” og gjer at ein opphøgar han i staden? Fører den til ei trygg og tillitsfull tru på Guds nåde og kjærleik som ber ein gjennom både gode dagar og dagar med motgang og sjukdom? Eller fører den til frykt og usikkerheit, til at ein føler seg tynga av krav ein aldri rekk opp til?

Foto: Elvert Barnes @ flickr