Når ingen ser meg

Når ingen ser meg

Kunne du ønskje at nokon kunne spørje akkurat deg om korleis du har det?

Tema

Tema for iTro i januar er «Meg!».

Du er kanskje den mest synlege til tider. Du er utadvent og har mange ressursar. Du er engasjert i mykje og folk stiller store krav til deg. Eller kanskje er du den meir tilbakelente typen. Du gjer mykje i det stille, og sjølv om det kanskje tar litt tid for deg å bli kjent med folk, så får du desto nærare vennskap.

Det er heilt normalt å føle seg litt utanfor til tider i livet, visste du det?

Uansett kven du  er kan det kome tider i livet der du kan føle at ingen ser deg. Klumpen i magen går og murrar, og du kunne ønskje at nokon kunne spørje akkuratdegkorleis du har det. Men ingen spør, for folk flest trur at du klarar deg ganske så fint. Og det gjer du forsåvidt. Men du kjenner at av og til hadde det vore godt å sleppe å vere den som skal sjå dei andre utan at nokon ser deg tilbake.

Det er heilt normalt å føle seg litt utanfor til tider i livet, visste du det? Vi går ofte rundt og viser den beste sida av oss sjølv utad og prøvar å skape eit perfekt bilete av oss sjølv. Eg trur kanskje dette kan vere med på å gjere ting vanskeleg for oss sidan vi ikkje lar oss sjølv eller dei rundt oss vere den dei eigentleg er: Menneske med gode og vonde dagar, gode og vonde sider. For vi er ikkje perfekte nokon av oss. Vi ber alle på eit levd liv med både gode og vonde erfaringar, og alle desse erfaringane er noko av det som gjer at vi er nettopp den vi er.

Ein gløymer ofte å skryte av dei som gjer mest

Eg har to  utfordringar til deg: Gje flest kompliment til dei som du trur treng det minst. Kanskje er det faktisk dei som treng det mest? Ein gløymer ofte å skryte av dei som gjer mest eller dei som framstår sjølvstendige og trygge. Utfordring nummer to er å tørre å ikkje alltid vere perfekt utad, men å innrømme for seg sjølv og andre at livet kan gå litt på tverke av og til. Du treng kanskje ikkje å leggje ut om alt til alle, men det å innrømme til ein god ven eller venninnne at ein ikkje alltid strekk til kan vere befriande for både deg sjølv og for den som høyrer på. Sanninga set fri, og det trur eg òg gjeld sanninga om deg sjølv. Tør du innrømme den?

Foto: informatique på flickr

_________________________________________________________________