Menneskefiskar
Eg har aldri vore noko glad i å fiske, men i Japan prøver eg å vere menneskefiskar.
Eg har høyrt om andre som synest det er spennande å sitje heile natta og vente på om ein får napp. Slikt har eg ikkje tolmod til.
Det å vere misjonær kan samanliknast med det å fiske. Eg har budd 13 år i Japan og prøvd å vere menneskefiskar der.
I Matt. 13 blir Guds rike samanlikna med fisking:
”Sameleis er himmelriket likt ei not som vert kasta i sjøen og fangar fisk av alle slag.”
(Matt. 13, 47)
Eg kan telje på éi hand dei som har blitt kristne av min lille innsats
Den mest effektive måten å fiske på er nok å setje garn. Då har du håp om å få mykje på ein gong. Men misjon i Japan er ofte ikkje slik at vi får fulle garn over natta. Nei, det kan gå årevis før vi ser resultat av arbeidet, og då kjem det kanskje berre éin. Misjon i Japan er difor blitt kalla ”stangfiske”, der vi dreg inn éin og éin fisk.
I dag skal alt gå så veldig fort. Eg merkar kor rastlaust og irritert eg vert når PC-en min ikkje startar så fort som eg ønskjer, eller dersom eg ikkje får svar på ein sms innan eit par minutt. Vi er dårlege på å vente. Bibelen derimot snakkar om å vere tolmodige og å halde ut.
Den første tolmodsprøva som misjonær var å lære japansk. Eg hadde lyst å gi opp mange gonger. Eg hugsar spesielt ein kveld eg sat over ei rekkje med japanske adjektiv som eg skulle lære til dagen etter: Atarashii, furui, muzukashii, yasashii, atsui, samui, og så vidare. For meg høyrdest alt nesten likt ut. Eg hadde mest lyst til å gi opp heile greia. Det har blitt mange frustrasjonar i løpet av åra i Japan.
Eg har sådd Guds ord i mange hjarte, men eg kan telje på éi hand dei som har blitt kristne som resultat av min lille innsats. Men det er viktig å gi såkornet tid til å vekse. Difor er det ikkje lurt å prøve å grave det opp for å sjå om det har byrja å spire. Då kan såkornet til og med bli øydelagt.br /> ”Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, uthaldande i bøna”.
Rom. 12,12
Kjære Gud, send fleire hit!
Ein japansk student har lært meg mykje om å vere uthaldande i bøna. Ein gong i veka i to år møtte han opp åleine på klubbrommet til det kristne studentlaget, der han song, las i Bibelen og bad: ”Kjære Gud, send fleire hit!” Endeleg det tredje året fekk han med éin til. Etter kvart vart det fleire studentar som samlast til bibelstudium og bøn, og eg hugsar enno gleda då vi kunne samlast ein stor flokk til julefest i det rommet der denne guten hadde site åleine i to år og bedt!
Eg trur ikkje eg er blitt misjonær i Japan fordi eg er spesielt flink til stangfiske, men kanskje det er nettopp fordi Gud vil lære meg tolmod, at Han har sendt meg dit?
Ill.foto: kasperb på flickr.com
Misjon er spalten hvor du kan lese om misjonsprosjekter, misjonærer og misjonsland som har tilknytning tilNorsk Luthersk Misjonssamband.
Jesus ba Peter om å være menneskefisker, altså å forkynne evangeliet til andre mennesker, og gjøre dem til disipler. Noen ganger blir mange mennesker kristne på en gang, i store vekkelser. Det kalles gjerne å fiske med garn. I Japan skjer det sjeldnere at noen bli kristne, og derfor brukes ordet stangfiske om misjonsarbeidet der. Men det betyr ikke at vi ikke skal drive misjon i Japan.Les om Shinsei som ble kristen i fjor vår her.
Inger Valbø har vært misjonær i Japan, og jobber nå påVestborg VGS.
Misjon skjer fordi Jesus sa at vi skulle fortelle alle om at han har dødd på korset, stått opp igjen, og åpna veien til himmelen for alle som tror på han. Uten misjon hadde du aldri hørt om Jesus, og fått muligheten til å bli en kristen. Gud har gitt oss mennesker et rimelig stort og viktig oppdrag, og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), som står bak iTro, prøver å ta det oppdraget på alvor. NLM har misjonærer i Sør-Amerika, Afrika og Asia, og arbeidet drives under visjonen Verden for Kristus.