– Luthersk lære legg vekt på nåden

– Luthersk lære legg vekt på nåden

Gjennom eit langt liv har Torbjørn Bjorvatn erfart korleis Gud formar og fostrar. Her deler han historiane og møta som gav trua hans retning.

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

Livet går fort. Nå er eg bestefar. Men røynsler og opplevingar i ungdommen kan setje spor for heile livet.

Eg vil fortelje om noko som forma meg då eg var i slutten av tjue-åra og byrjinga av tretti-åra.

Nordover – og inn i eit anna kristenlandskap

Me er tilbake tidleg på 1990-talet. Eg var nyutdanna og fekk arbeid nordpå.

Eg busette meg i Vadsø i Aust-Finnmark. Der kom eg snart i kontakt med læstadianarar og knytte venskap med dei. Læstadianismen er ei vekkingsrørsle som oppstod på Nordkalotten rundt den svenske presten Lars Levi Læstadius (1800-1861).

Som sørlending tenkte eg at eg var både teologisk konservativ og god lutheranar – men nordpå var dette ikkje utan vidare godteke.

I Finnmark fanst lite kulturkristendom, og alvoret hos den einskilde kristne var tydeleg. Dei som stod fast i trua, visste kva dei trudde på.

Eg protesterte – men noko skjedde

Og det var særleg i møte med dei læstadianske kristne at eg fekk bryne meg.

Predikant-hovdingen Andreas Esbensen var då i åtti-åra og blei ein god ven. Han prøvde meg i luthersk lære, og eg protesterte når eg tykte noko var for strengt eller uvant.

Under eit ferieopphald sørpå skaffa eg meg Konkordieboka med lutherske læreskrift og tok til å lese. Eg kunne ikkje la denne gamle læremeistaren sleppe unna utan motstand!

Kva dei gamle skriftene lærte meg

Lesinga i dei gamle lutherske skriftene – Den augsburgske vedkjenninga av 1530, dei andre skriftene frå reformasjonshundreåret og preikesamlinga til Martin Luther – forma meg.

Samtalane – stundom debattane og usemja – med læstadianaren Andreas Esbensen var ein god skule for ein ung mann. Eg fekk ei grunnleggjande utdanning i luthersk teologi.

Keisamt, tenkjer du kanskje. Ja, dette er nok ikkje for alle. Men ser du føre deg leiaroppgåver og forkynning som ein del av di teneste, treng du eit læregrunnlag. Av fleire grunnar.

Fokus på nåden

For det første, teologi er oppbyggjeleg. Du lærer å sjå samanhengar i Bibelen. Og luthersk lære legg vekt på nåden.

For det andre, det er vanskeleg å forkynne mykje utan å ha eit læremessig fotfeste.

Nå – tretti år seinare – førebur eg aldri ei preike utan å tenkje igjennom lov og evangelium. Det lærte eg i Finnmark.

Eit vern mot usunn lære

For det tredje, i ei tid med inntrykk frå mange hald treng dei kristne og forsamlingane eit vern mot usunn lære. Står du i ein luthersk samanheng, lyt du vite kva du står for.

Eg fann teologisk fotfeste i ungdommen. Det har hjelpt meg i tru og teneste fram til i dag.

Kan hende du òg finne glede og nytte i den lutherske arven. Eg trur han er topp aktuell den dag i dag.

Privat

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.