Kvifor skapte Gud menneska?

Kvifor skapte Gud menneska?

Det er eit ord som står som ein fellesnemnar for skapinga av menneska: Kjærleik.

Spørsmål & svar

Du kan sende inn spørsmål du lurer på til iTro. Enten på mail til iTro@nlm.no, eller ved å fylle ut spørsmålsskjemaet på forsida på iTro.

Dette er eit stort spørsmål som mange har stilt seg opp gjennom tidene. Kvifor skulle Gud skape verda? Og når han først skapte verda, kvifor skapte han menneska?

For å få svar på dette spørsmålet må vi sjå på Guds karakter – korleis Gud er, kven han er, korleis han oppfører seg. Dette finn vi ut av ved å lese Bibelen som ein heilskap – som ei heil bok. Det vil vere umogleg å seie noko fornuftig om Gud ut i frå enkelte bibelvers, eller eit par bibelhistoriar. For å lære Gud å kjenne, må vi sjå kva heile Bibelen som sum seier om han.

Gud elskar fellesskap

Eit av Guds karaktertrekk som vi kan sjå når vi les i Bibelen, er at han er ein skapande Gud. Frå første til siste side, kan vi sjå at han elskar å lage noko nytt. Han kan skape av berre ord, og har difor makt til å skape akkurat det han vil.

Eit anna av Guds karaktertrekk, er at han elskar fellesskap. Gud er i seg sjølv eit fellesskap – den treeinige Gud som består av Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Difor sa ikkje Gud «la meg skape», men «la oss skape», då han skapte jorda og menneska. Gud har alltid eksistert, og han har alltid vore i eit fellesskap.

Kanskje var det summen av desse karaktertrekka som til slutt vart ideen om å skape mennesket. Gud skapte jo først ljos, mørkre, hav, land, fiskar, fuglar og dyr. Og han var godt nøgd med dette. Men han sakna ein dimensjon – fellesskapsdimensjon. Dyr og fuglar er ikkje andelege vesen, men det er vi menneske.

Guds redningsplan

Vi er med andre ord skapt til å ha fellesskap med den treeinige Gud, til å kunne ha ein relasjon med ein usynleg Gud. Dette fellesskapet starta vel og bra, heilt til det vart øydelagt av syndefallet i Edens hage.

Men Gud laga ein redningsplan, noko som enno meir tydeleg understreker at han har skapt oss fordi han ønskjer å ha noko med oss å gjere. Han kunne ikkje ha det slik at menneska eksisterte utan at han kunne ha ein relasjon til oss. Difor sendte han Jesus, som gjorde opp for syndene våre. Deretter sendte han Den Heilage Ande, som er vår rettleiar i kvardagen, som bur i oss og som alltid er med oss.

Det er eit ord som står som ein fellesnemnar for skapinga av menneska: Kjærleik. Gud skapte menneska for å kunne ha nokon å dele kjærleiken sin med. Det kan vi mellom anna sjå ved at det nettopp var Guds kjærleik som var motivet for å gjenopprette forholdet med menneska, via Jesus:

Johannes 3,16: For så elska Gud verda, at han gav sin son, den einborne, for at kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

Gud gav oss eit val

Gud kunne latt vere å sende Jesus, men han tok eit val om å gjere det. Han viste oss nåde, og inviterte oss igjen inn i eit heilt tett fellesskap. Eit teikn på dette, er det faktum at forhenget som skilde Det heilage frå Det høgheilage (der Gud var) i tempelet, rakna frå øvst til nedst då Jesus døydde på krossen. Skiljet mellom mennesket og Gud rivna, og vi kan igjen ha ein heilt nær relasjon til Gud, via Jesus.

For å oppsummere: Gud er ein skapande Gud som ønskjer relasjonar. Han ønska å tilføre noko til den jorda han skapte, noko han kunne dele kjærleiken sin med. Dette resulterte i at han skapte menneska – eit åndeleg og intelligent vesen som har fri vilje, altså står fritt til å velje å tilhøyre Gud, eller forkaste han. På den måten kan han få respons frå oss med oppriktig kjærleik, eller forkasting.

Men det faktum at vi har eit val, gjer at vi er i stand til å verkeleg elske han og ha fellesskap med han. Dette ønskjer Gud meir enn noko anna, og er mogleg for oss når vi søkjer tilgjeving for syndene våre gjennom det Jesus gjorde for oss på Golgata.

Michelangelo / wikipedia

Spørsmål & svar

Du kan sende inn spørsmål du lurer på til iTro. Enten på mail til iTro@nlm.no, eller ved å fylle ut spørsmålsskjemaet på forsida på iTro.