Kvifor skal eg vere ein protestantisk kristen når det er så mange ulike kirkesamfunn?

Kvifor skal eg vere ein protestantisk kristen når det er så mange ulike kirkesamfunn?

Skal kristne heller vere ortodokse eller katolske? Folk seier at dei ikkje er så splitta.

Trosforsvar

Trosforsvar, eller apologetikk, handler om å forklare kristendommen i møte med aktuelle spørsmål, innvendinger, myter og livssynsalternativer.

Laget står bak konseptet «Grill en kristen» som arrangeres på skoler og universiteter, der man kan stille spørsmål man lurer på om kristen tro.

I det siste har eg møtt fleire som har lyst å snakke om reformasjonen og om korleis vi skal tenke om katolske og ortodokse alternativ til den protestantiske trua.

Se også: Protestantisme, katolisisme og ortodoks kristendom

Så eg las ei ny bok som har kome ut om dette. Gavin Ortlund har skrive «What it Means to be Protestant«.

Eg er ganske imponert over korleis Ortlund skriv med ein mild tone i ei så tydeleg bok. Han har tre solide hovudpoeng:

1. Protestantismen er meir «katolsk» enn katolisismen eller dei ortodokse kyrkjene

«Katolsk» betyr noko som gjeld heile kyrkja, og difor kallar den romersk-katolske kyrkja seg «katolsk», fordi den ser seg sjølv som den sanne kyrkja.

Ortlund prøver å vise kor attraktivt det er med den protestantiske læra om den «usynlege kyrkja».

Protestantar er ikkje einige med katolikkane om at det er eitt kyrkjesamfunn eller éin organisasjon som viser kven som faktisk er ein del av Guds rike. Både den romersk-katolske kyrkja og dei ortodokse kyrkjene vil vere meir forsiktige med å seie at det finnes ekte kristen tru utanfor si eiga retning.

I nokre tilfelle seier teologar frå desse kyrkjene rett ut at dersom du ikkje høyrer til vår kyrkje, så vil du ikkje bli frelst.

Ortlund snur difor heilt rundt eit av hovudargumenta mot protestantismen: Ja, det er mange ulike retningar innan protestantismen og vi er ikkje samla i ei kyrkje, men det er ikkje berre negativt.

Den protestantiske vegen er den einaste som har mogelegheita til å samle alle kristne, fordi den ikkje krev alle inn under same paraply, men samlar alle kristne rundt evangeliet om den frie nåden.

2. Eit sunnare forhold til autoritet

Ortlund seier også at protestantismen er meir ortodoks enn dei andre trusretningane fordi den har eit sunnare forhold til autoritet.

«Ortodoks» betyr «den rette læra» og den ortodokse kyrkja kallar seg dette, fordi dei tenker at dei følger den rette læra.

Men for protestantar så har det vore viktig at det berre er Bibelen som kan fortelje oss kva som er den rette læra. Og dette blir veldig viktig når vi blir usikre på om kyrkja vår lærer det som er rett eller ikkje.

For korleis kan vi då finne ut om kyrkja vår har tatt feil og gått vekk frå det Bibelen seier?

Her har dei andre retningane fleire autoritetar som dei løfter opp til same nivå som Bibelen, slik som kva paven har sagt eller ulike kyrkjeråd.

Men dette gjer det vanskelegare å komme tilbake til det Bibelen seier, for dei ulike pavane og kyrkjeråda er ueinige. Det er ikkje lett for protestantar heller å finne tilbake dersom ein går feil, men heile den protestantiske læra er bygd opp rundt at vi stadig må vende tilbake til det som står i Bibelen.

Dette er ganske annleis enn i katolisismen der ein set i stein ting som vi ikkje ser i Bibelen eller i den tidlege kristne læra.

Dette gjer det vanskelegare å komme tilbake til den reine bibelske læra, når det skjer ein feil.

3. Går tilbake til kjerna i evangeliet

Protestantismen har også eit sunnare forhold til historiske utviklingar enn dei andre kyrkjene fordi vi har større fokus på at nye idear må testast av Bibelen aleine.

Protestantismen er ikkje ei nyvinning som kjem på 1500-talet, det er ei oppvakning av ein trend som har vore i kyrkja frå starten med å gå tilbake til kjerna i evangeliet.

Ortlund gir fleire eksempel på historiske utviklingar som skapar problem for dei andre retningane. Det å bøye seg for ikon for eksempel, er ikkje vanlig i dei første århundra etter Kristus. Tvert imot viser han fleire eksempel på tidlege kristne som reiv ned ikon eller kunst for at ingen skulle tilbe desse bileta.

Men i både romersk-katolske og ortodokse kyrkjer har ikon ein veldig stor plass i dag som er vanskeleg å forsvare ut ifrå Bibelen eller den tidlege historia til kyrkja.

Tilbake til dei fem «sola»

Ortlund gir eit godt førebilete på å snakke med vennar som er ortodokse eller katolske. Han er mild og han er tydeleg på våre eigne svakheiter.

Protestantiske kristne har ofte for lite fokus på kyrkjehistoria og er ofte skyldig i å dele seg frå andre kristne over spørsmål som ikkje er blant dei viktigaste.

Men protestantar har likevel ei utruleg attraktiv og raus lære som er den einaste tydelege vegen til å samle alle kristne ved å gå tilbake til det vi kallar dei fem «sola»:

  • Sola Scriptua (Skrifta aleine)
  • Sola Christus (Kristus aleine)
  • Sola Fide (Trua aleine)
  • Sola Gratia (Nåden aleine)
  • Soli Deo Gloria (Til Guds ære aleine)

Trosforsvar

Trosforsvar, eller apologetikk, handler om å forklare kristendommen i møte med aktuelle spørsmål, innvendinger, myter og livssynsalternativer.

Laget står bak konseptet «Grill en kristen» som arrangeres på skoler og universiteter, der man kan stille spørsmål man lurer på om kristen tro.