Kristen + artist = sant?

Kristen + artist = sant?

- Musikkmiljøet kan vere ganske skummelt dersom ein ikkje set grenser for seg sjølv.

Tema

Tema på iTro i desember er Alternativ.

«Er du ho som syng?» spør ei dame som sit på eit bord ved sidan av oss på kafeen. «Eg har sett deg på youtube!»

Du har kanskje  sett ho på scena på UL. Ei jente med utstråling og ei stemme som mange berre kan drøyme om. Hanne Vatnøy (27, busatt i Bergen) elskar musikk, og det har ho alltid gjort.

Heilt frå den spede start i musikkbarnehage som 4-åring, til fjorårets turné i Japan, har Hanne alltid hatt eit ønskje om å kunne vere ekte, og om å formidle noko ekte. Musikk som ikkje kan puttast i boks, men som kan skape kreativitet og draumar hjå folk. Janteloven må bukke under. Draumen har er å bli artist og å kunne leve av musikken. Men først og fremst lever ho for Jesus.

For meg er det uaktuelt å skulle ta sleske bakvegar for å oppnå det eg vil

– Korleis er det  å vere kristen og artist på same tid?

– Det er mange i bransjen som kan lure på om du har ein skjult agenda med det du gjer, om du prøvar å lure folk til å bli frelst. Det er klart at dette set stopparar reint karrièremessig, men eg er innstilt på måtte ta mange omvegar. For meg er det uaktuelt å skulle ta sleske bakvegar for å oppnå det eg vil. Eg trur ikkje gleda av å oppnå det ein drøymer om vil vere ein god glede viss ein ikkje er tru mot seg sjølv og verdiane sine. For meg er det viktig at eg er meg sjølv uansett kvar eg er og kven eg møter.

Eg trur eg er kalla til å nå ein gruppe menneske som mange andre kristne ikkje omgås

– Korleis er det  å vere eit vitne i det miljøet du er i?

– Som kristne treng vi ikkje alltid bruke ord for å vitne, og eg har ofte måtte svart på spørsmål om tru fordi folk har merka at det er noko annleis med meg. Mange blir kanskje litt redde fordi dei føler at dei kristne alltid er så perfekte, men då trur eg det er viktig å vere eit medmenneske som er oppriktig interessert i den ein møter. Det er mange som bli reve med i musikkmiljøet, som kan vere ganske skummelt dersom ein ikkje set grenser for seg sjølv. Eg har ikkje lyst til å vere ein del av det. Eg vil vere eit lys og ein motbølge, og eg trur eg er kalla til å nå ein gruppe menneske som mange andre kristne ikkje omgås. Vi er jo alle kalla til å vere på ulike stader.

– Korleis opplever du  Gud i livet ditt?

– Av og til kan det vere vanskeleg å sjå Guds plan i livet mitt, spesielt når ting ikkje går på skinner. Samstundes er trua mi styrke, og eg får kjenne Guds kraft i meg, både i kvardagen og på scena. Eg unner alle å kjenne Jesus, og trur det å vere artist kan vere ein måte å nå menneske på.

Foto: Monica Santos

________________________________________________________________