Kreative kjærestar

Kreative kjærestar

Kan kjærastar gjere noko anna saman enn kyss, klapp og klem? Vegard og Hilde gir deg forslag til fritidssyslar.

Sex & sånn

Sex og sånn er spalten hvor vi tar opp spørsmål rundt for eksempel seksualitet, forelskelse og forhold, på et bibelsk grunnlag.

– Me er vel sånn passe kreative i det me finn på saman.

Hilde Torland og Vegard Ask (begge 18) frå Nærbø har vore saman to gonger i til saman to år, og synest dei har det veldig bra saman.

– Me har det aldri keisamt i alle fall. Me prøver å vera varierte i det me finn på. Viss me ikkje tenkjer på det, blir det typisk mykje film og fjernsyn. Me går på kino av og til, andre gonger går me ut for å eta. Å spela Monopol er ein slagar, så det har me gjort mange gonger. Det varer lenge og fyller tomromma. Andre gonger kan me laga middag saman eller gå på turar. Dei siste månadene har me dessutan gått på salsakurs.

Det er viktig å ha felles interesser

– Er alt dette typisk for kjærastepar?

– Me er vel ikkje revolusjonerande ulike andre par. Salsakurset er kanskje litt spesielt, trur Vegard. Dei avslører at dei har blitt ganske flinke i dansen det siste halve året.

– Ville du gjort det same som du gjer no dersom du var singel?

– Det hadde nok ikkje blitt noko salsakurs. Så ville eg nok vore meir saman med andre venner om kveldane, seier Vegard.

– Det er viktig å ha felles interesser. Då er begge gira på det. Me var gode venner allereie før me blei saman også, så det har ikkje vore så mange overraskingar etterpå, seier Hilde.

– Eg er nok litt meir gira på film enn Hilde, og ho er litt mer gira på salsa. Eller: No er eg og ganske gira på salsa, sjølv om eg var skeptisk i starten, kommenterer Vegard

– Då var det ganske sprekt gjort at du stilte opp likevel?

– Anten det, eller så er eg ein tøffel, smiler han.

Me blir betre kjent med kvarandre når me gjer ting saman

Hilde og Vegard trur det er viktig å bruke mykje tid saman, både dei to åleine og saman med andre. Dei har mange felles vennar, og har alltid gått i den same gjengen.

– Me blir betre kjent med kvarandre når me gjer ting saman og snakkar saman. Me snakkar jo saman mens me held på med andre ting også, seier Hilde.

– Me har faktisk snakka om kva vi skal finna på når me er saman. Då vi var saman første gongen, vart det mykje fjernsyn. Ein av oss kom på besøk til den andre, og så sat me der og glodde heile kvelden. Det blei ganske einsformig. Den siste økta har me vore saman på dagtid også, og gjort mykje meir forskjellige ting, fortel dei.

Det må ikkje berre bli kosing

– Dei fleste kjærastepar kosar, kysser og klemmer litt også. Kva er kjekkast: Kyss, klapp og klem eller andre ting?

– Begge deler er bra. Me må ha litt av alt. Viss det ikkje hadde vore noko av kyss, klapp og klem, ville me berre vore bestevenner og ikkje kjærastar. Men samstundes må du ha bestevenn-delen med også, det må ikkje berre bli kosing, understrekar Vegard.

 

Fra «Verdt å vente på»-kampanjen.

Sex & sånn

Sex og sånn er spalten hvor vi tar opp spørsmål rundt for eksempel seksualitet, forelskelse og forhold, på et bibelsk grunnlag.