Intervju: Livsløgn

Intervju: Livsløgn

Fredrik Stormark deler si livsløgn. Har du ei?

Ordet «livsløgn» vart  popularisert i Ibsens skuespill Vildanden med det kjente sitatet «Tar De livsløgnen fra et gjennomsnittsmenneske, så tar De lykken fra ham med det samme». Den ikkje fullt så kjente (?) Fredrik skal fortelje om sin.


Kva vil det  seie å leve på ei livsløgn?

Det er å late som om du er noko du ikkje er. For eksempel seier at du at du har det bra når andre spør, men så har du det eigentleg ganske vondt.

Kvifor lever nokre  på ei livsløgn?

Ein har gjerne eit image å ta vare på. Eg trur mange er redde for korleis rundt deg vil reagere dersom du fortel at du ikkje har det topp. Du føler kanskje at dei har forventningar om at du skal vere ein annan enn den du er, og då blir ein ofte redd for å skuffe. Dette har jo mykje med sjølvbilete å gjere, det at ein trur at andre berre likar deg dersom du er på topp.

«Eg var konstant redd for at nokon skulle avsløre meg

 

Intervju:

Tema for iTro i april er løgn.

I dagens sak deler Fredrik Stormark (25) om korleis det er å leve på ei løgn. Han er opprinneleg frå Vassøy, og er for tida stasjonert som teologistudent i Bergen.

Kva er di  livsløgn?

Eg vil nesten sei at eg hadde ei identitetskrise i starten av studietida, og sleit med angst og depresjon. Det var vanskeleg og slitsamt, kanskje mest av alt fordi eg måtte gå rundt og late som om eg hadde det bra. Eg klarte aldri å vere heilt tilstades, og var konstant redd for at nokon skulle avsløre meg. Det var vanskeleg ovanfor Gud òg, for eg følte at Guds kjærleik var avhengig av at eg fiksa livet. Eg følte konstant at eg måtte ta meg saman, både ovanfor Gud og dei rundt meg.

«Eg kom meg jo aldri vidare som kristen

Korleis har livsløgner  konsekvensar ovanfor Gud?

Eg opplevde det som «sirkelliv», for eg kom jo aldri vidare som kristen. Eg prøvde å ta meg saman, feila, og sånn gjekk dagane. Eg ba ofte til Gud om at eg skulle leve for han, men i møte med andre vart eg fort meir opptatt av å få bekreftelse frå dei enn frå Gud fordi eg ikkje følte meg verdifull nok. Gud elska meg, men det var liksom ikkje nok. Gud vart til ein eg kom til når eg trengte tilgjeving. Eg følgde ikkje etter han, eg berre kom når eg følte eg måtte. Det vart på mange måtar eit slitsamt dobbeltliv. Samstundes følte eg at Gud var veldig nær. Han gav meg styrke og leda meg til gode Bibelvers.

Kva vart vendepunktet  for deg?

Då eg turde å opne meg, fann eg mykje styrke i det kristne fellesskapet. Men vendepunktet vart vel det at eg innsåg at eg aldri kunne bli perfekt Og den kjensla eg bar på, at eg ikkje var god nok, den var jo på mange måtar heilt sann, for eg er jo ein syndar. Eg trur faktisk eg måtte vere der eg var for å innsjå kor mykje eg trengte Jesus, for det eg prøvde var jo å gjere meg sjølv fullkomen. Gud måtte vise meg at eg i Jesus er god nok. Aldri aleine, berre saman med Jesus. Det forløysande var at eg klarte å tru på dette.

Har du ei livsløgn du ikkje tør å avsløre for andre?

Foto: Elise Marie Hansen