Ikkje trua i seg sjølv, men kven ein trur på

Ikkje trua i seg sjølv, men kven ein trur på

– Det å seie at «ein ikkje klarar å tru» er farleg, for då baserer ein trua på seg sjølv, seier bibelskulestudenten Simen Løge, i sitt vitnesbyrd.

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

Truslivet kan ha sine opp og nedturar, og det er noko dei fleste kristne kan erfare.

Kva gjer ein når truslivet berre er tungt og krevjande? Og ein merkar ulyst til både Bibel og bøn. I praksis vert det mindre tid til begge deler.

Lett å tru?

Ein vil så gjerne tilbake til «det var lett å tru» og «det var lett å vere kristen». Men kjenner seg makteslaus og mismodig.

Eg har erfart dette i eige liv og ynskjer å dele eigne erfaringar og bibelske sanningar som kan fortelje oss noko om nettopp dette!

«Med augo feste på Jesus» (Heb 12,2)

Eg har gjort meg ei erfaring rundt kor vidt truslivet dreier seg om meg sjølv, eller Kristus. For er det meg sjølv eg trur på? Er det meg, ein syndar som frelsa kvilar på? Nei! Det er Jesus som frelser og det er Han eg trur på!

Oppi all fortviling skjønar eg: Eg har berre sett på meg sjølv, og korleis eg har det. Det har rett og slett handla om meg! Eg har hatt eit sterkt ynskje om å finna Jesus, men eg har leita i meg sjølv.

Eg har sett på kva kjenslene mine seier og lytta til dei. Tyngdepunktet låg på kva som skulle gjerast av meg, i staden for kva Jesus gjorde for meg.

Heb 12,2 – eg skal finne frimod og vissheit i Jesus og ikkje i meg sjølv, difor må eg sjå på Han når det stormar i truslivet!

Å Trosse kjensler

Det eg nemner i aller første avsnitt handlar om korleis eg har det, og mine kjensler knyta til truslivet. Men trua handlar om å trosse kjenslene, og stole på Guds ord!

Gud seier oss i Ordspråkene 3,5:

«Lit på Herren av heile ditt hjarta, og set ikkje di lit til ditt vet!» (Ord 3,5)

Ei klar oppfordring om at det er Gud ein skal stole på og ikkje eigne kjensler som så ofte blir naturleg og gjera.

Trua sin opphavsmann

«Med augo festa på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar». (Heb 12,2)

Når mine tankar har vore prega av mismot og maktesløyse har eg kjent at «eg ikkje klarer å tru». Det å seie at «ein ikkje klarar å tru» er farleg, for då baserer ein trua på seg sjølv.

Jesus er trua sin opphavsmann, ved forkynning av Guds ord skapast det tru i oss. Jesus står for døra å banker på våre hjarter, og det er i hjarta trua forankrar seg ved Den Heilage Ande.

Difor kan tankane våre vere mismodige eller tvilande, men trua er i hjarta der auga er festa på Jesus.

Privat

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.