Full krig

Full krig

Den klassiske kampen mellom godt og vondt

Tema

Tema på iTro i februar er «Naturligvis«.

Det foregår ein kamp i livet ditt kvar dag. Ein kamp så klassisk at den kunne ha vore tatt ut frå eit tilfeldig filmmanus: Kampen mellom det gode og det vonde. Eller meir presist: Kampen mellom det åndelige og det syndige.

Eg veit ikkje  kva du gjer, men eg kjenner ofte på at det er noko i meg som drar meg i ulike retningar. Eg veit som oftast kva som er riktig og bra. Gjer vi ikkje alle det? Likevel tar vi ofte valg om å gjere det totalt motsette. Vi tar ei kvit løgn i staden for å innrømme det som er sant. Vi ser at folk sultar, og vil sikkert hjelpe, men løftar likevel ikkje ein finger. Paulus seier det same om seg sjølv i Romarbrevet 7,15: For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, det gjer eg ikkje, og det eg avskyr, det gjer eg.

«Sjalusi, fyll, hor, sinne…

Her er problemet:  Vi menneske er fødde med ein syndig natur. Det betyr at vi har synd med oss til einkvar tid i kroppen vår. Dette har vi arva den med oss frå den dagen syndefallet vart ein realitet i Edens hage, og denne syndige naturen produserar f.eks dette: Umoral, fiendskap, sjalusi, sinne, fyll, strid, hor og splittingar. Denne naturen vil i tillegg konstant prøve å trekke deg vekk frå Gud. Eg vil ikkje sei at det er arvegods å skryte av, men det er realiteten.

Heldigvis er det  ein motpol til denne naturen. For når vi byrjar å tru på Jesus skjer det noko inni oss, og ein ny natur kjem på bana. Då flyttar nemleg nemleg Den heilage ande inn i oss, og han byrjar å forvandle oss. Han prøvar ikkje å reparere den gamle, syndige naturen, men han skapar noko heilt nytt. Og av denne nye naturen kan vi sjå frukter som kjærleik, glede, fred, tålmod og godleik.

«Kven trur du vinn kampen til slutt?

Eg skreiv tidlegare  at det foregår ein kamp inni deg. Kven trur du vinn kampen til slutt? Eg kan gledeleg meddele at den kampen allereie er vunne. På Golgata vann Jesus over alt som heiter synd, og han vann ein gong for alle. Det betyr at uansett kor mange gongar vi tapar (den syndige naturen får overtaket), så har vi eigentleg allereie vunne.

Det betyr ikkje  at vi skal leve akkurat som vi vil sidan vi uansett vil få tilgjeving, men at vi skal strekke oss etter å leve eit liv i Anden, og med dette bli meir lik Jesus. For dersom vi ikkje lever i Anden, vil vår gamle natur prøve å lokke og trekke oss vekk frå Jesus. Men dersom vi søker Jesus og hans vilje for våre liv, vil Anden vere den dominerande og seirande delen i oss, og vi kan frimodige sjå fram mot det evige livet i Himmelen.

Ill.foto:  Helico on flickr.com