Fra himmelsal til tåredal

Fra himmelsal til tåredal

”Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss.” (Joh 1,14a)

Tema

Tema på iTro i desember er «Mysterium»

Når vi feirer jul, feirer vi at Jesus kom – at Gud sendte sin son til jorda. Som ein liten menneskebaby, fødd av ei ganske vanleg kvinne. Og grunna mangel på overnattingsplassar ved hotella i Betlehem, blir han fødd i ein stall. Medan byen søv, blir Guds son påkledd og lagt i matfatet til dyra. Han som verda vart til ved, låg der liten og hjelpelaus, i ei enkel krubbe.

Ingen kongeleg entré  akkurat, for Kongen over alle kongar. Engelen og himmelhæren som song for hyrdingane, stjerna og vismennene som knela og gav sine gåver var nesten det einaste som vitna om at dette barnet ikkje var kven som helst. Som vitna om at Guds son var komen til jorda.

Han visste alt, men heilt frivillig kom han.

Og Jesus, som  låg der i krubba, skulle ikkje få noko enkelt liv. Han skulle bli prøva i alt. Han skulle bli redd og sint. Han skulle bli hata, mistrudd, spytta på, sviken og mishandla. Likevel kom Jesus. Han visste at han ikkje kom til å få den æra han fortente her. Han visste at dei han kom for å redde var syndarar og svikarar. Han visste alt, men heilt frivillig kom han. For å leve det livet som eg ikkje klarer å leve. For å ta mi straff, så eg igjen kunne kome fram for Gud. For å bli min ven og bror. Han “gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik. Då han stod fram som menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.” Fil 2,7-8

Frivillig og lydig gjorde han det, i kjærleik.

«Velkomen frå din himmelsal, til denne dimme tåredal.Der dei deg inkje anna gav, Enn stall og krubbe, kross og grav» (v 3 634 SangBoken)

 

Sangverset illustrerer dei  store kontrastane så godt: Frå himmelsal til tåredal. Men Jesus visste kva han forlot, og kva han kom til. Frivillig og lydig gjorde han det, i kjærleik.

Kor stort det  er, at Han som var så mektig – Han som verda vart til ved – var villig til å bli så liten for oss! Måtte denne jula bli nok ei jul der vi takkar Gud for at han sende sin son, og der vi lovsyng Jesus for at han kom.

«Med lovsong spring me deg imot, Og kysser støvet for din fot.Å signa stund, å sæle natt, Då du vart fødd, vår sjeleskatt!» (v2634 SB)

 

(Først publisert i Fjellhaugbladet #4 2013)

Illustrasjon: freebibleimages.org