… er svolten

… er svolten

Som kristne skal me ikkje sveltefore oss.

Kor mange øl kan eg ta før eg kryssar grensa? Kor langt kan eg gå med kjærasten før det er synd? Kor mykje kan eg snakke om venninna mi før det blir baktaling?

Slike spørsmål stiller vi oss alle i løpet av livet. Vi vil teste grensene til Gud, sjå kor langt dei går. Det er vel og bra at vi vil prøve å leve innanfor dei grensene Gud har sagt, men alle desse spørsmåla har èin ting til felles. Dei er alle spørsmål om kor langt vekk ein kan kome frå Gud og fortsatt vere kristen. Spørsmåla er ein som ei kompassnål, og pila peikar vekk frå Jesus.

Det er ikkje kjekt å seie det, men slik er det med trua di òg

Spørsmål som dei over, er som eit teikn på svelteforing. Du et berre akkurat det du må for å overleve. I byrjinga merkar ein at ein får for lite mat, men etter kvart blir det ikkje så gale, for ein blir van med det. Lite mat gjer at ein blir sløv og trøytt, og kroppen vil sakte men sikkert bli brutt ned.

Det er ikkje kjekt å seie det, men slik er det litt med trua òg. Tru er ikkje noko statisk. Anten veks den eller så visnar den. Anten så byggjar ein den opp, eller så blir den automatisk broten ned, og det er opp til deg om du matar den.

Det er verkeleg ingen grunn til å sveltefora trua si, for vi har uendelege mengdar med mat tilgjengeleg. Jesus seier sjølv at han er livsens brød, og han har nok til alle, og vil gje til alle.

Ein svolten disippel nøyer seg ikkje med å akkurat overleve»

Ein disippel er svolten. Han har fått sett litt av kven Jesus er, og vil ha meir. Det er ikkje fordi han er så veldig from eller flink.

Trongen til å få meir av Gud kjem når vi får høyre kva Jesus har gjort for oss, når vi blir fylt med takk. Og det er då det blir spanande å vere ein disippel. Då får vi verkeleg ta del i alt det store Gud gjer, og vi får vere med som arbeidarar, ikkje visnande kristne som ikkje orkar nokon ting, fordi dei prøvar å finne ut kor lite mat dei kan klare seg med, eller som spekulerar i kor mykje dei kan drikke neste helg.

Ein svolten disippel nøyer seg ikkje med å akkurat overleve. Han vil ha alt. Ein svolten disippel set ikkje kompromiss ved trua, men lever nær Jesus, som er kjelda til liv. Og det er der vi høyrer heime.

Foto:Jason A. Samfield på flickr.com

En disippel

En disippel er en som følger Jesus. I serien «En disippel…» tar vi opp noen sider ved det Bibelen forteller oss skal kjennetegne en disippel.