UP Tilbake
Engasjerte for Etiopia

Engasjerte for Etiopia

Russen på Sygna VGS har i år eit misjonsprosjekt der dei samlar inn peng til Etiopia. Elisabeth og Elias var så heldige å sjølve få besøke Etiopia i november. 

Misjon

Elisabeth Halland Molvik og Elias Eriksen Esperaaser misjonsprosjektansvarlige ved Sygna VGS. Sygna VGS er en kristen videregående internatskole i Balestrand i Sogn og Fjordane.

Hvis du ønsker å vise omsorg for arbeidet som drives i Etiopia kan du gi et bidrag til prosjektet på kontonr:3805.10.27903

I år har russen på Sygna VGS i Balestrand valt å ha Etiopia som misjonsland. I Etiopia har NLM ulike prosjekt som vi vil støtte, blant anna kampen mot omskjering av kvinner, hiv og aids, utstyr og medisinar til fødande og utdanning inne jordbruk.

Saman med Elias Eriksen Esperaas er eg ansvarleg for årets misjonsprosjekt. Vi fekk lov til å reise til Etiopia i november for å besøke prosjektene som vi støtter. Det var fantastisk å få møte alle dei gode menneskene som står på kvar dag i Etiopia for å holde prosjektene i gang. Turen til Etiopia var ein stor inspirasjon og gav oss ein enda større lyst og motivasjon til å jobbe og fortelje om prosjektet!

Ellers så langt har vi hatt kiosk, kafe, haustfest, russerevy, cup og flaskeinnsamling

I haust hadde vi misjonsløp som er vår største inntektskjelde. Der fekk vi inn heile 440 000 kr noko som er rekord her på Sygna. Russen er jo sjølvsagt kjempestolte over det! Ellers så langt har vi hatt kiosk, kafe, haustfest, russerevy, cup og flaskeinnsamling, men vi er fortsatt ikkje ferdig med å samle inn peng. Resten av året vil vi ha salg av lodd, kiosk, kafe, skulebryllup, vårfest og ellers mindre arrangement som vi får inn peng på.

Målet vårt for skuleåret er 400 000 kr, desse pengane skal gå til NLM sitt arbeid i Etiopia. Eit eventuelt overskudd skal gå til Sygna, til noko som går elevane til gode på internata. Vi er enda ikkje ferdig med årets innsamling, men så langt har vi fått inn over 600 000 kr, noko som vi er veldig fornøgd med, for vi vil sette ein ny rekord her på Sygna som blir vanskeleg å slå. Sjølv om vi har fått inn over 400 000 kr vil vi fortsette å fortelje om prosjektene i Etiopia, kva pengane går til og alt det gode arbeidet som NLM gjer der nede.

Illustrasjonsfoto:  Achilli Family | Journey @ flickr

Siste fra hver kategori